Kunnskapsoppsummering om arealbruksendringar, naturmangfald og klima (Karnak)
Prosjektet Karnak (Kunnskapsoppsummering om arealbruksendringar, naturmangfald og klima) er leia av Vestlandsforsking og ser på korleis endringar i arealbruk påverkar ulike sider ved naturen og tenestene naturen står for.
Prosjektet skal på oppdrag frå Forskingsrådet oppsummere forskingsbasert kunnskap om samanhengar mellom arealbruk og arealbruksendringar i Norge og effektar på og utfordringar for naturmangfald, økosystemtenester, klimatilpassing, karbonopptak og -lagring.
Deltakarane i prosjektet skal drøfte kva forskinga seier om:
kor berekraftig arealbruken er i Norge
dilemma og konfliktar mellom ulike samfunnshensyn
løysingar, verktøy og utviklingsmuligheiter for ei arealforvaltning som tar hensyn til både klima og naturmangfald
skal gå gjennom forskinga
Arbeidet vil bli gjennomført som ein «scoping review» av både fagfellevurdert og grå litteratur på området med relevans for norske forhold.
Vestlandsforsking er prosjekteigar, og utfører arbeidet saman med underleverandørane Miljøfaglig Utredning AS og Høgskulen på Vestlandet – Biblioteket. Frå Miljøfaglig Utredning AS deltek Geir Gaarder, Kirstin Maria Flynn Steinsvåg og Knut Hessen.
ekspertar og brukarar
Ei ekspertgruppe med tre økologar skal kvalitetssikre søkekriterier og analysar, medan relevansen for arealplanlegging og -forvaltning skal styrkast gjennom ei brukargruppe med representantar for fire statsforvaltarembete og to kommunar.
Ekspertgruppa har tre medlemmar: professor Dag O. Hessen ved Universitetet i Oslo, professor Knut Rydgren ved Høgskulen på Vestlandet og forskingsleiar Liv Guri Velle ved Møreforsking.
Brukargruppa har fem medlemmar: Thomas Christian Kiland-Langeland (Statsforvaltaren i Agder), Anne Melbø (Statsforvaltaren i Møre og Romsdal), Eline Orheim (Statsforvaltaren i Vestland), Svein Einar Stuen (Statsforvaltaren i Nordland), Alexander Connor (Vestnes kommune), Hans-Einar Lundli (Trondheim kommune).