Nordmenn er blant dei mest klimaskeptiske i Europa, men vi er likevel ikkje skeptiske til klimatilpassing - tvert om forventar 4 av 5 nordmenn at styresmaktene gjer alvor av å ruste samfunnet mot ekstremvêr og andre utslag av klimaendringar.
Dette skriv forskar Torbjørn Selseng ved Vestlandsforsking om i ein kronikk i Nationen.
Selseng viser til at klima- og miljøminister Espen Barth Eide nyleg annonserte ei ny stortingsmelding om klimatilpassing og dveler ved eit paradoks: at landet med dei mest klimaskeptiske innbyggjarane i Europa (jf. Pertita-studien) samtidig har brei støtte for å bruke pengar på klimatilpassing. Norsk klimamonitor, som Selseng er prosjektleiar for, finn i ei undersøking at 4 av 5 nordmenn synst ei slik satsing er på sin plass.
“Me er meir enn modne for ein styrka innsats. Sjølv om stortingsmeldinga helst skulle ha kome i går eller for fleire år sidan, er det ikkje for seint”, skriv Selseng.