Rogaland først med ny metode

For første gong i Norge er kartleggingsmetoden Impact Chain Analysis prøvd ut i forvaltninga. Føremålet er å forstå korleis klimaendringane kan slå ut lokalt og finne dei beste tiltaka for klimatilpassing.

Det kan sjå nokså daglegdags ut: eit knippe menneske samla rundt ei tavle med tusj og lappar. Kartleggingsmetoden Rogaland fylkeskommune har prøvd ut kan på norsk kallast verknadskjede-analyse, og handlar om å sjå fire forhold i samanheng: påverknad, eksponering, sårbarheit og risiko. Dette er ein metode for fleire, og den fremste innsatsfaktoren er rett og slett kreativ dialog.

Passar for alle

Mark Zebisch frå Eurac Research i Bolzano heldt ei innføring i Impact Chain Analysis i oktober. Han framheva at det ikkje er klimaendringane åleine som gir oss fleire naturkatastrofar; samfunnsendringar verkar òg inn på risikobiletet. (Foto: Idun A.…

Mark Zebisch frå Eurac Research i Bolzano heldt ei innføring i Impact Chain Analysis i oktober. Han framheva at det ikkje er klimaendringane åleine som gir oss fleire naturkatastrofar; samfunnsendringar verkar òg inn på risikobiletet. (Foto: Idun A. Husabø)

Undervegs prøver deltakarane å finne svar på fire enkle spørsmål: Kva kan påverke; kva kan bli påverka; kva kan utløyse uønskte hendingar og kva kan i verste fall skje? Dei som deltek, stiller seg desse spørsmåla med tanke på eit bestemt geografisk område og tematisk felt, til dømes “Stavanger sentrum” og “styrtregn”.

Fordi det er så enkelt å komme inn i tankegangen, passar metoden for samarbeid på tvers av fag eller mellom fagekspertar og folk med andre yrkesroller.

Prøvde ut metoden sjølv

Rogaland fylkeskommune har hatt ei pioner-rolle fordi dei er valt ut som prøvefylke i det internasjonale forskingsprosjektet Unchain, der Vestlandsforsking og Nordlandsforskning er dei norske fagpartnarane. I haust fekk fylkeskommunen ei innføring i metoden av Marc Zebisch frå Eurac Research i Italia.

Nyleg prøvde rogalendingane sjølve ut metoden på ein arbeidsverkstad med Fylkesmannen i Rogaland. Forskarar frå Vestlandsforsking, Cicero og Norce Samfunn bidrog òg.

Analysemetoden skal bidra i arbeidet med den fylkesdekkande klimatilpassingsplanen i 2020.

Analysemetoden skal bidra i arbeidet med den fylkesdekkande klimatilpassingsplanen i 2020.

Kjem fram til tiltak

Arbeidsverkstaden tok for seg seks tema for heile Rogaland fylke: overvatn, flaum, tørke, havnivå, skred og økosystem.

– Arbeidsverkstaden har fått fram korleis klimaendringane, i samspel med endringar i samfunnet, kan tenkast å auke risikoen for negative konsekvensar av klimaendringar på ulike område. Vår jobb vidare blir å føreslå tiltak for klimatilpassing, seier Marta Jansen, forskar ved Vestlandsforsking.

Neste steg i Rogaland blir å utforme tiltak for fylkeskommunen sine eigne ansvarsområde. I 2020 skal dei dessutan utarbeide ein fylkesdekkande plan for klimatilpassing: Regionalplan for klimatilpasning i Rogaland 2020-2050. Forskarane i Unchain leverer faglege bidrag undervegs i arbeidet.

Utprøving i kommunane

Det er kommunane som er arenaen når tiltak for klimatilpassing skal setjast ut i livet. Dei 23 kommunane i Rogaland skal difor òg få ei innføring i verknadskjede-analyse. Tanken er at dei skal kunne bruke tilnærminga i arbeidet med klimatilpassing.

På bakgrunn av erfaringar frå Rogaland skal forskarane i Unchain justere analysemetoden for å få han til å passe endå betre inn i arbeidet med lokal og regional klimatilpassing.

– Så langt oppfattar vi dette som ei veldig god tilnærming. Analysemetoden gjer det enklare å finne fram til høvelege tiltak som kan førebu samfunnet på klimaendringane, seier prosjektleiar Carlo Aall.