Noradapt er eit nasjonalt senter for berekraftig klimatilpassing. Vestlandsforsking driv senteret, som består av åtte partnarinstitusjonar.

Fleire jordskred vart utløyste etter at finvêrsperioden vart avløyst av styrtregn i Jølster i juli 2019. Bustadfeltet Årsetbakkane var blant områda som vart råka av jordskred og flaum. (Foto: Linda Olin Reite)

Fleire jordskred vart utløyste etter at finvêrsperioden vart avløyst av styrtregn i Jølster i juli 2019. Bustadfeltet Årsetbakkane var blant områda som vart råka av jordskred og flaum. (Foto: Linda Olin Reite)

I åra som kjem vil klimaendringane påverke alle delar av det norske samfunnet. Ein brei og samordna innsats må til for å finne løysingar på dei områda som blir negativt påverka.

Gjennom Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, med kortnamnet Noradapt, arbeider forskarar frå åtte forskingsinstitusjonar med å byggje og samle ny kunnskap om korleis ulike samfunnsaktørar kan tilpasse seg klimaendringane.

OPNA I 2018

Den formelle opningsdatoen for Noradapt var 17. desember 2018. Statssekretær Atle Hamar (V), stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) og leiaren i næringsutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Karen Marie Hjelmeseter (Sp) stod for opninga.

LEVANDE LABORATORIUM

Noradapt er drive av Vestlandsforsking i Sogndal, som ligg sentralt i Vestland fylke.

Natur, landskap og vêrforhold i regionen gir eit unikt utgangspunkt for å studere endringane Norge vil møte i åra framover. Noradapt sitt omland fungerer m.a.o. som eit levande laboratorium i forskinga på klimatilpassing.

Kva gjer noradapt?

NYNORSK_blaa_bak-NORADAPT-M.jpg
  • Rettleiing: Forskingsbaserte råd til næringsliv og til offentlege institusjonar som rettleiar andre.

  • Utgreiing: Utviklar brukartilpassa kunnskap om klimatilpassing i dialog med private og offentlege verksemder.

  • Næringsutvikling: Samarbeider med næringslivet om nye produkt og tenester innan klimatilpassing, t.d. risikodempande teknologi.

  • Forskingsformidling: Deler forskingsfunn med ålmenta i form av m.a. føredrag, webinar og kronikkar. Medarrangør av den årlege, nasjonale konferansen #Klimaomstilling i Sogndal.

  • Undervisning: Underviser i klimatilpassing på høgskule- og universitetsnivå, m.a. på masterprogrammet Climate Change Management ved Høgskulen på Vestlandet.