Dato for #Klimaomstilling 2020 bestemt

Jobbar du med å ruste samfunnet mot klimaendringar? Merk deg datoen for neste års utgåve av konferansen #Klimaomstilling i Sogndal: 22. til 24. september 2020.

September i Sogn. (Foto: Idun A. Husabø)

September i Sogn. (Foto: Idun A. Husabø)

Konferansen i september 2020 blir den femte i rekkja, og vil, som tidlegare, føregå i Sogndal.

Regionale partnarar

Konferansane spring ut av ein regional partnarskap som i mange år har samarbeidd på området klimatilpassing. Etter samanslåingar i mange organisasjonar, vil partnarane i 2020 blir Vestlandsforsking og Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), Fylkesmannen i Vestland, Høgskulen på Vestlandet, Statens Vegvesen, Vestland fylkeskommune, NVE, Universitetet i Bergen, Senter for klima og energiomstilling (CET) og Klimapartnere Vestland.

Ny nettside

Ei ny nettside er under utarbeiding og vil bli teken i bruk tidleg i 2020. All informasjon om konferansen vil med tida bli lagt ut på denne nettsida, som får eit eige domene.

Planlegginga blir utført av ein eigen komité med representantar frå den regionale partnarskapen. Spørsmål kan rettast til Mari Severinsen ved Fylkesmannen i Vestland (tlf. 57 64 30 28, fmsfmse@fylkesmannen.no).

Paneldebatt om klimapolitikk på #Klimaomstilling2019. (Foto: Kyrre Groven)

Paneldebatt om klimapolitikk på #Klimaomstilling2019. (Foto: Kyrre Groven)