Når Jostedalsbreen smeltar

Nigardsbreen_paa_avstand - kan gjenbrukast.jpg

Korleis blir lokalsamfunn og bedrifter rundt Jostedalsbreen påverka når bresmeltinga skyt fart?

Jostedalsbreen i Sogn og Fjordane er det største landskapsområdet i Europa som enno ikkje er kartlagt. Det er også eit område i dramatisk endring – på grunn av klimakrisa og global oppvarming trekkjer brearmane seg tilbake og isen minkar.

I 2020 går forskarar ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsrsking i gang med eit stort prosjekt for å utforske breen. Vestlandsforsking skal særleg ta for seg korleis dei som bur og arbeider tett på breen vil merke endringane. For kva skjer med lokalsamfunna og dei naturbaserte næringane rundt Jostedalsbreen når breen endrar seg til det ugjenkjennelege?

Ein lite kartlagt bre

Professor Jacob Clement Yde ved Høgskulen på Vestlandet skal leie prosjektet, som har kortnamnet Jostice. Ut over Noradapt skal NVE, UiO og UiB delta; i tillegg kjem internasjonale partnarar. Prosjektet er tildelt 17 millionar kroner frå NFR.

Jostedalsbreen vil i åra framover vere eit landskap i stadig endring som følgje av auka issmelting og tilbaketrekking av brearmar. Foto: Bre og fjell

Jostedalsbreen vil i åra framover vere eit landskap i stadig endring som følgje av auka issmelting og tilbaketrekking av brearmar. Foto: Bre og fjell

– Det blir utruleg spennande å få jobbe intensivt med Jostedalsbreen! Og det trengst verkeleg -  det er så mykje vi ikkje veit om den. Det at breen minkar, vil få store konsekvensar for menneska som bur rundt den, seier Yde.

Viktig for folk

I første omgang skal forskarane måle breen – både areal og kor tjukk den er frå topp til botn. Dette skjer ved hjelp av isradar, og ved å køyre på kryss og tvers med snøscooter og gå på ski over breen.

Ein annan del av forskinga vil ta for seg samspel mellom breen og menneska i nærmiljøet.

– Breen er svært viktig for menneska som bur rundt den. Den leverer vatn til kraftverk, er utgangspunktet for ein stor turistindustri og er tett knytt til den lokale identiteten, seier Yde.

Bønder og breførarar

Halvor Dannevig er forskingsleiar ved Vestlandsforsking. I Jostice-prosjektet skal han gå i dialog med innbyggjarar i bygder rundt breen. Identitet blir eitt av fleire tema, for korleis blir det når isen ikkje lenger kan skimtast frå stovevindauga?

Samtalane skal òg omfatte næringsgrunnlaget rundt breen. Både kraftselskap, landbruk og reiseliv kjem til å måtte tilpasse seg på kort og lang sikt. For kraftverka kjem det gode tider så lenge issmeltinga pågår. Deretter blir det tyngre. Fleire lokale aktørar er inviterte med i prosjektet tenke høgt om framtida saman med dei samfunnsvitskaplege forskarane, mellom dei breførarlaget i Jostedalen.

– I år måtte dei kutte ut den tradisjonsrike familieturen på Nigardsbreen på ubestemt tid. Bresmeltinga har rett og slett skote fart og gjort breen meir krevjande å ferdast på. Slike endringar vil brebygdene snart sjå fleire av, seier Dannevig.

Blir “breklimaet” borte?

Mykje av det issmeltinga fører med seg, skjer for aller første gong etter istida. Det er difor stor spenning knytt til ein del av forskinga, som korleis lokalklimaet kan ventast å endre seg når isen blir borte.

– Når breen blir markant mindre, vil det også påverke lokalklimaet og nedbørsmønsteret i området. Dette vil igjen verke inn på landbruket, særleg dei som lever av å produsere frukt, seier Jacob Yde.

For å få eit betre innblikk i akkurat dette spørsmåla, har forskarane involvert eit fagmiljø i Austerrike som har erfaring med akkurat dette.

– Ved hjelp av vitskaplege modellar vil vi snart få vite meir om framtidas dyrkingsforhold rundt Jostedalsbreen, seier Dannevig.