No kan du studere berekraftig klimatilpassing i arealplanlegging

Høgskulen på Vestlandet lanserer eit nytt etter- og vidareutdanningstilbod i klimatilpassing. Kurset er skreddarsydd for mellom anna kommunetilsette som jobbar med arealplanlegging og har behov for påfyll av kunnskap.

Vidareutdanninga kombinerer kunnskap om klimatilpassing med praktiske oppgåver knytt til arealplanlegging, opplyser Høgskulen på Vestlandet.

Samfunnet spelar inn

Naturen er ikkje åleine om å utgjere ein fare for infrastruktur og menneske. Blant perspektiva det nye kurset legg vekt på, er korleis faktorar ved samfunnet òg er med på å auke klimarisiko.

Førebuing av hyttetomter. Foto: Halvor Dannevig

HVL skriv på nettsidene sine vidare at “…faktorar som befolkningsvekst, urbanisering, økonomisk utvikling og endringar i naturressursbruk har innverknad på klimaendringar. Ved å få meir kunnskap om dei ulike drivarane og dynamikk bak endringar i arealbruk, vil du betre forstå korleis klimaendringar påverkar desse samfunssmessige faktorane og omvendt”.

Denne innsikta skal gje studentane eit betre grunnlag for kritisk refleksjon over ulike strategiar for klimatilpassing.

dette lærer du

Blant det studentane kan rekne med å lære på utdanninga, er å planlegge og gjennomføre analysar og prosessar med mål om å redusere klimarisiko, å utføre verknadskjedeanalysar for lokal klimarisiko og korleis ein kan utvikle berekraftige løysingar for klimatilpassing lokalt. I tillegg kjem kunnskap om å analysere og drøfte heilskaplege løysingar for lokal klimatilpassing i lys av gjeldande teoriar og forsking.

Kurset har søknadsfrist 20. juni 2024. Fleire detaljar finn du på HVL sine nettsider.