Arealbruk på agendaen under konferanse i Sogndal

Førre veke samla Sogndal over 130 personar til den årlege klimaomstillingskonferansen. Mange av innleiarane tok for seg korleis ein kan førebu seg på ekstremvêr som «Hans» og kva som skal til for å ta betre vare på naturen, mellom anna gjennom god arealbruk.

Ulrich Pulg frå Norce la vekt på at moglegheitsvindauget for å gjere endringar etter ei ekstremhending er kort. Etter hans syn kan samfunnet spare milliardar på å setje i verk tilpassingstiltak før skadane skjer, men slike tilpassingar krev at ein ikkje forverrar sårbarheitene andre stader. Pulg var ein av fleire innleiarar som tok opp tema knytt til “Hans” eller framtidas ekstreme vêrhendingar, som var hovudtemaet for den første dagen.

Frå Vestlandsforsking presenterte elles Halvor Dannevig døme på korleis ein kan involvere innbyggjarar i arbeidet med klimatilpassing og Bror K. R. Tandberg viste fram eit nytt verktøy som lokal og regional forvaltning kan bruke for å sjå korleis dei ligg an i arbeidet med klimatilpassing.

Høgaktuell klimakveld

På kveldstid var det klimakveld med mange spennande innslag. Først ut presenterte Kikki Kleiven og Eivind Heldaas Seland ei ny bok om klimahistorie. Truls Gulowsen (naturvernforbundet), Håvard Nyhus (NRK) og Marit Kasin (Avisa Valdres) deltok i panelsamtale med Carlo Aall (Vestlandsforsking) om paradoks ved måten me brukar naturen på. Til sist målbatt Ella Marie Hætta Isaksen publikum med refleksjonane sine om natur, urfolksrettar og rolla som aktivist.

Biletekarusell frå konferansen. Alle foto (inkl. bannerfoto øvst): Vestland fylkeskommune

Arealbruk under lupa

På den andre dagen av konferansen handla det mellom anna om arealbruk i bustadsektoren og det store potensialet for energieffektivisering i private bustader, ved stipendiat Anne Sofie Bjelland ved Høgskulen på Vestlandet. Også Iselin Helløy frå Vestland fylkeskommune, Markus Mohn Werner frå Sogndal kommune og Carlo Aall frå Vestlandsforsking delte refleksjonar om arealforvalting. I tillegg deltok fleire dyktige innleiarar i tre parallellsesjonar om arealnøytralitet, naturbaserte løysingar og arealbruk i energisektoren.

Konferansen er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Vestlandsforsking, Noradapt, Norce, Høgskulen på Vestlandet, Statsforvaltaren i Vestland, Klimapartnere Vestland og KS.

 

Sjå nettsaka på Vestland fylkeskommunes heimeside for meir informasjon om konferansen.