– Klimathon er ein slags leirbål

Skal samfunnet greie å hanskast med dei komplekse utfordringane som kjem med klimaendringane, må folk snakke saman og finne løysingar saman på tvers av fag. Det er kjernen i Klimathon, som nyleg vart arrangert for fjerde gong. – Dette blei til som eit forsøk til å gjere noko anna enn å halde foredrag for kvarandre, seier arrangør Mathew Stiller-Reeve.

Tekst: Idun A. Husabø, Noradapt/Vestlandsforsking

Dei fleste som jobbar med klimaspørsmålet har sete der sjølv, i salen på tallause konferansar og seminar, og lytta – vekselvis interessert og skremd – ofte som ein passiv mottakar.

Arrangør Mathew Stiller-Reeve er motivert av det som skjer når folk kjem saman på tvers av bakgrunn for å diskutere seg fram til ei felles løysing.

Dette var òg ein del av jobben til Mathew Stiller-Reeve – i dag frittståande konsulent, men tidlegare klimaforskar. I 2018 var han med på å dra i gang den tverrfaglege arbeidsverkstaden vi i dag kjenner som Klimathon, med ein arbeidsmåte og eit namn lånt frå hackarverda, der det ikkje er uvanleg å drive problemløysing i grupper, såkalla «hackathons» (hacking + marathon).

Dialog på tvers av fag

Forskarane som drog det i gang, hadde samla opp frustrasjon etter fleire år med lokale klimatilpassingsprosjekt i Hordaland der ikkje alt gjekk etter planen. I ein rapport om Klimathon 2018 skriv forskarar frå Bjerknessenteret og Uni Research, som i dag heiter Norce, dette:

«Sidan samarbeidet over tid har forsøkt å knytte saman ulike aktørar med ulike interesser og behov, har ulike utfordringar dukka opp raskt og ofte. Gjentekne gonger har ein opplevd at ulike forståingar av røynda kolliderer, og dette har ved fleire høve utforda samarbeidet».

Frå Klimathon 2019 i Universitetsaulaen i Bergen.

I eit forsøk på å nærme seg klimatilpassing frå ein ny vinkel, gjekk forskingsmiljøa ut med ein brei invitasjon til «arbeidsseminar» for planleggarar og andre som jobbar med klimatilpassing. Tidleg i januar 2018 heldt dei Klimathon over to dagar på Litteraturhuset i Bergen. Dei 73 deltakarane jobba flittig i sjølvgåande grupper og stilte til slutt ut resultata for kvarandre.

– Det var aldri resultatet eller utstillingsposteren som skulle bli viktigast, men prosessen og dialogen som førte fram dit, understrekar Stiller-Reeve.

Frie tøylar

Å vere deltakar på Klimathon, er slik sett litt som å få eit friskt vindpust i fjeset etter ein lang dag innandørs: Arrangementet skil seg ut i rekkja av arenaer der klimaarbeid er temaet. I staden for å lytte passivt, blir du nokså raskt sett i gang med å bidra. I staden for å ete lunsj med dei du kjende frå før, blir du kjend med nye folk.

Årets tema var klimatilpassing og naturbaserte løysingar. Frå venstre: Elin Valand (Rogaland fylkeskommune), Anne Fleig (NVE), Bjørg Lirhus Ree (Voss herad), Leif Havre (Ostery kommune), Kira Krokeide Heffernan, Foto: Idun A. Husabø

Gruppene, den viktigaste byggesteinen i Klimathon, er sett saman slik at deltakarane skal ha så ulik bakgrunn og ståstad som råd. Oppgåva deira er å utvikle ein idé eller løyse ei problemstilling som dei kjem fram til i fellesskap, på tvers av faglege kompetanse.

Ei gruppe frå Klimathon ved flaumstøtta på Prestegardsmoen fire dagar etter årets storflaum på Voss. Støtta viser kor høgt vatnet stod under oktoberflaumen i 2014. Novemberflaumen i 2022 nådde nesten like høgt.

Er gruppa glad i struktur, kan dei følgje dei oppsette stega frå arrangørane heile vegen frå problem til løysing. Men som i førebiletet hackathon, er ingenting hogd i stein. Alt er i prinsippet «lov», og meldinga til gruppekoordinatorane var klar: «Gjer det de vil! Treng gruppa ein spasertur eller ein tur på bakeri, så gjer det».

Storflaum i Vangsvatnet

Bjørg Lirhus Ree, Voss herad

Då onsdag 16. november kom og Klimathon endeleg var i gang på Voss, vart nettopp det å gå ein tur ut spesielt relevant. Mellom siste planleggingsmøte og første dag av arrangementet der klimatilpassing stod i fokus, hadde regnet ausa ned over Vestlandet og utsett Voss for den største flaumen sidan oktober 2014. Kulturhuset, der alt skulle skje desse to dagane, var stengt.

Spora var synlege berre få meter frå hotellet. På dei grøne grasplenane langs Vangsvatnet låg rusk og rekved att. Gjerde og husveggar hadde synlege merke etter vatnet. Containerar utanfor kulturhuset vitna om skader og opprydding.

Bjørg Lirhus Ree frå driftsavdelinga i Voss herad var blant dei som trass flaum, folkemøte og travle dagar etter flaumen, fekk til å delta på Klimathon.

– Klimathon kom jo rett etter den nest største flaumen registrert på Voss sidan målingane i Vangsvatnet byrja i 1892. Eg for min del var såleis veldig påverka av hendinga som akkurat hadde vore, seier Ree. Ho merka seg at fleire av gruppene tok flaumen som utgangspunkt.

Gruppa hennar, der også Kira Krokeide Heffernan i Vestland fylkeskommune deltok, var blant dei som på eige initiativ gjekk ut for å ta skadene i augnesyn.

Kira Heffernan i Vestland fylkeskommune deltok på Klimathon for første, men ikkje siste, gong.

Heffernan er glad for at arrangørane trass alt greidde å halde Klimathon på Voss.

– Det å få sjå skadane frå flaumen på tett hald, og å kunne høyre dei tilsette i kommunen sine tankar om klimaendringar og flaum, framheva viktigheita av Klimathon-konferansen og det arbeidet som blir gjort, og må gjerast, i samband med klimatilpassing og naturbaserte løysingar, seier ho.

Også for Voss herad, som var med i arrangørgruppa og sentrale i planlegginga, vart flaumen eit pluss for akkurat Klimathon.

Ingvild Bogetvedt i Voss herad tykte det var rett å halde Klimathon på Voss - nettopp på grunn av flaumen. (Foto: Mathew Stiller-Reeve)

– Det var både viktig og riktig å ha det på Voss, også med tanke på flaumen som hende berre nokre dagar før, seier Ingvild Bogetvedt i Voss herad, som er avdelingsleiar for styring og analyse. Utstillinga på dag 2 viste tydeleg kor mange som hadde brukt sider ved flaumen som utgangspunkt.

– Eg trur alle har blitt inspirerte; vi har gått rundt i sentrum og kikka på øydeleggingane. Eg trur det motiverer folk til å jobbe med klimatilpassing, seier Bogetvedt.

Fotballbaner som flyt vekk

Der flaumen blei med inn i gruppearbeidet, var det mellom anna i form av fotballbaner med kunstgras som på ingen måte toler å stå under vatn. Andre tok for seg problem med tilbakeslag i røyr i Voss sentrum eller endra arealbruk på utsette stader.

Kunstgrasbanene i sentrum vart øydelagde både i 2014 og i 2022. Ei av gruppene på Klimathon undersøkte korleis ein kunne bygge banene slik at dei toler å hamne under vatn. (Foto: Idun A. Husabø)

Det overordna temaet for årets Klimathon var klimatilpassing og naturbaserte løysingar, og spørsmålet var då korleis alle flaumproblema folk observerte, kunne gjerast meir klimarobuste, helst med ei naturbasert løysing. Nyleg innførte staten eit krav om at kommunar vel nettopp slike løysingar når infrastruktur skal tilpassast klimaendringane. Vel dei det ikkje, må dei no grunngje valet.

For Kira Krokeide Heffernan, som jobbar med infrastruktur og veg, blei dette ein lærerik prosess, mellom anna fordi det var lett å falle tilbake til «gårsdagens» tekniske eller «grå» løysingar eller gløyme at naturbaserte løysingar helst skal tene fleire føremål på ein gong, til dømes å bidra til auka biologisk mangfald.

Idémyldring om problem og løysingar. Foto: Mathew Stiller-Reeve

– Det mest lærerike og engasjerande var å diskutere seg fram til eit problem vi ville løyse ved bruk av naturbaserte løysningar, og deretter å få ideen ‘ned på papiret’ til ei konkret prosjektskisse, seier Heffernan. Ho opplevde gruppearbeidet som veldig positivt.

– Det var utruleg motiverande å jobbe med ei løysningsorientert og engasjert gruppe med ulike bakgrunnar, seier ho. Også Truls Folkestad frå Sunnfjord kommune trekker fram folk som ein viktig grunn til å delta på Klimathon.

– Eg fekk innsikt i kva problemstillingar andre jobbar med og fekk diskutert konkrete problemstillingar og løysingar, seier han.

Bjørg Lirhus Ree frå Voss Herad var usikker på kva ho ville få ut av å delta, men let seg overraske over utbytet gruppearbeidet gav.

Gruppene førebudde plakatar der løysinga deira var forklart. (Foto: Idun A. Husabø)

– Då eg såg programmet i forkant var eg i utgangspunktet litt skeptisk då det var lagt opp til så mykje gruppearbeid og «lite» fagleg innhald. Men må sei eg vart positivt overraska- og eg synest det var gjevande dagar å delta på Klimathon. Det var utruleg mykje dyktige fagfolk samla, og gruppene var sett saman på tverrfagleg måte gjorde at ein fekk mange interessante og lærerike diskusjonar.

Starten på nye samarbeid

Då ho sette kurs for Sogndal etter dei to dagane på Voss, noterte Kira Krokeide Heffernan seg at ho tok med meir enn berre trivelege minne: konkrete idear undervegs til korleis eininga hennar kan implementere naturbaserte løysingar i anleggsprosjekt, korleis fylkeskommunen kan støtte kommunar i klimaarbeidet – og gode kontaktar.

Mathew Stiller-Reeve nemner dette som noko av det kanskje viktigaste han sjølv har teke med seg frå Klimathon.

– Eg har prosjektnettverk som sprang direkte ut av Klimathon. Det er lett å gløyme korleis eg først kom i kontakt med desse personane, og at det faktisk var Klimathon som førde oss saman, men slik har det vore i mange tilfelle, slår han fast:

– Klimathon skapar kontakt på tvers av fag og bringer folk saman.

Plakatutstillinga var sjølve finalen i Klimathon2022 og drog i gang mange interessante diskusjonar. (Foto: Lene Omdahl)

Rundt leirbålet

Mathew Stiller-Reeve er inspirert av klimaforskarar som har studert måten urfolk tek opp og løyser problem på. Han likar å tenke på Klimathon som ei slags samling rundt grua i mørket, der ordet og tankane får flyte friare enn elles, og der alle bidreg med sitt.

– Klimathon er eit slags leirbål plassert i ein vestleg kontekst, seier Mathew Stiller-Reeve. Ein får tid til å bli kjend med dei andre og dele historier.

– Det er det Klimathon er, og det er det eg er blitt inspirert av.

Les meir på Klimathon sine nettsider


Sjå bilete frå novemberflaumen her: