Søkte klimaråd
Sommarens styrtregn og jordskred som både tok liv og herja med hus, vegar og eigedom mellom anna i Jølster, var blant temaa som trekte SV-leiar Audun Lysbakken til Sogn. Lysbakken kom i følgje med listekandidatane til nye Sogndal kommune, og skulle vidare til Jølster etter besøket hos Vestlandsforsking. Dei møtte Noradapt-leiar Carlo Aall, konstituert direktør Hans Jakob Walnum (på biletet over) og andre frå Vestlandsforsking med roller i Noradapt og forsking på klimatilpassing.
Kommunal klimarådgjevar
Noradapt-leiar Carlo Aall kom med aktuelle utfordringar på området klimatilpassing, som å gjeninnføre 90-talets øyremerka midlar til ein miljørådgjevar i kommunen, men no med hovudvekt på klimautfordringar. Han utfordra òg Lysbakken på å bidra til å gje klimatilpassing eit løft som politikkområde.
– I dag er det dessverre noko grått og kjedeleg som i hovudsak vedkjem byråkratar og forskarar. Hjelp oss gjerne med å endre på dette, oppmoda Aall.
Kutta som må til
Lysbakken fekk òg faglege råd om ein "gløymde" del av klimapolitikken då han besøkte Vestlandsforsking og Noradapt i dag: det private forbruket. Også FNs klimapanel rører ved dette tabuområdet i rapporten dei la fram 8. august, dagen før Lysbakkens besøk, då med hovudvekt på mat.
KOLLEKTIVT OG RETTFERDIG
SV-leiaren var einig, men understreka at livsstilsendringar må vere kollektive og rettferdige slik at dei gjeld fleire enn ein liten, grøn elite i byane. Han fekk fagleg støtte for tankegangen av Noradapt-leiar Carlo Aall, som med støtte i nyare forsking har snust på ordet “tvang” i samband med det private forbruket.
– Skal vi unngå farlege utslag av klimaendringane, må vi òg redusere klimautsleppa frå forbruket ditt og mitt. Vi blir nøydde til å sjå på måten vi bur, et og forflyttar oss på, sa Aall.