Byane sitt tilpassingsnettverk i Sogn
Miljødirektoratet har i fleire år samla dei største byane i landet i eit eige nettverk for klimatilpassing, iFront. Denne veka besøkte direktoratet Noradapt og Vestlandsforsking med representantar for dei ti største byane i Norge.
Den første dagen gjekk med til å treffe medarbeidarar i Noradapt og få innsikt i tema det nye klimatilpassingssenteret har forska på i sitt første år. Den andre dagen av besøket var lagt opp som ein studietur til den interkommunale avfallsverksemda SIMAS, som orienterte om korleis klimaendringane påverkar drifta deira i dag og kan ventast å gjere det i åra framover.
I Aurland møtte dei representantar for Aurland kommune og Riksantikvaren, og kom inn på bevaring av kulturminne og kulturarv. Turen omfatta òg besøk til Otternes bygdetun og Flåm kyrkje, der problemstillingane frå orienteringane kunne studerast i praksis.
Nedanfor kan du sjå litt av det studieturen tok for seg.