TransAdapt
Making trans-border climate change risks tangible for adaptation actions (TransAdapt)
Erfaringane med covid-19 har auka medvitet rundt grenseoverskridande klimarisiko, altså at det skjer noko ei eitt land som er knytt til klimaendringar, og at dette får ringverknader i heilt andre land. Dette er ein type risiko samfunnet òg må tilpasse seg til, i tillegg til “tradisjonell” klimarisiko.
Hovudmålet med prosjektet er å undersøke og vise korleis ein kan setje grenseoverskridande klimarisiko på dagsorden i det lokale og nasjonale arbeidet med klimatilpassing. Prosjektet har i tillegg fire delmål.
Fire av forskingspartnarane i Noradapt deltek i prosjektet: Nordlandsforskning, Cicero, Norce og Vestlandsforsking. I tillegg kjem Stockholm Environment Institute.
Delmål
utvikle ein indikatorbasert ovanfra-og-ned-metode for å analysere grenseoverskridande klimarisiko på nasjonalt nivå
demonstrere korleis ein kan analysere grenseoverskridande klimarisiko for spesifikke sektorar
demonstrere korleis ein kan analysere risikoeigarskap langs og på tvers av verdikjeder og policynivå
analysere styring på flere nivå, og på tvers av sektorar, for tilpassing til grenseoverskridande klimarisiko