Miljøteknologi og klimatilpassing
Vestlandsforsking gjennomfører ein studie av korleis miljøteknologi kan brukast i arbeidet med klimatilpassing. Spørmålet oppdragsgjevaren ønskjer eit svar på, er om dette kan tenkast å bli eit nytt, regionalt satsingsområde.
Måla med utgreiinga er å:
kartlegge synspunkt på, og forslag til, nye teknologiske løysingar for å møte utfordringane klimaendringer stiller samfunnet overfor
vurdere potensialet for å etablere Sogn som ein nasjonal møtearena for dette temaet og vurdere om det er grunnlag for å etablere ei ny næring i Sogn på dette området
Miljøteknologi kan i dette prosjektet vise til alle teknologiar, produkt og løysingar som direkte eller indirekte gagnar miljøet; i denne samanhengen handlar det om å tilpasse samfunnet til konsekvensar av forventa klimaendringar. Prosjektet vil sjå på både "hard" og "mjuk" teknologi. Det første omfattar tekniske endringar av produksjonsprosessar og/eller produkt, mens det det siste handlar om endra praksis i produksjonsprosessar og/eller produkt.