Klimatilpassing i risiko- og sårbarhetsanalysar (ROS) for Oslo kommune
Klimaetaten i Oslo kommune opplevde at dagens bruk av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) i planprosessen ikkje fanga opp konsekvensane av naturhendingar og klimaendringar på ein god nok måte. Dette var utgangspunktet for at dei bad Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet om å utarbeide ein rapport pmed innspel til ein betre praksis på området.
Rapporten skisserer mogelegheiter, barrierar og utfordringar i arbeidet med å integrere omsynet til klimaendringer i ROS-arbeidet. Forskarane har gitt råd om korleis ein kan unngå eller arbeide med barrierane og utnytte mogelegheitane, særleg i lys av den nye statlege planretningslinja for klimatilpassing.
Les rapporten “Klimatilpasning i risiko- og sårbarhetsanalyser (ROS) for Oslo kommune”