Indikatorar for klimatilpassing av bygningar og infrastruktur i kommunar
Prosjektet skal vidareutvikle indikatorar for klimatilpassing i kommunar og tilpasse desse til Vestlandet.
Prosjektet vil byggje på eksisterande forsking, og vil primært vere ei vidareføring av prosjektet Indikatorer for måling av klimatilpasning av fysiske områder, bygninger og infrastruktur i små, mellomstore og store kommuner, som SINTEF utarbeider saman med Nettverk for klimatilpasning i Trøndelag.
Dette prosjektet byggjer igjen på MRE-modellen og indikatorar utvikla for reduksjon av klimagassutslepp i forskingssenteret ZEN. Aktiviteten vil òg gå parallelt med relevant arbeid innan klimatilpassing i forskingssenteret Klima 2050.
Partnarar i prosjektet
Vestlandsforsking
Sintef
Osterøy kommune
Sunnfjord kommune
Kvam Herad
Sogndal kommune
Fitjar kommune
Kinn kommune
Luster kommune
Trondheim kommune
Vestland fylkeskommune
Kommunane vil ha ulike utgangspunkt. Vi startar difor med å kartlegge kva kommunane har av ROS-analysar, kommuneplanar og klimaplanar (kommunedelplan for klima eller temaplan for klima). Deretter ser vi på kommunen sin analyse av klimasårbarheit. Dersom kommunane ikkje har utarbeidd slike dokument, vil utarbeiding av desse vere nyttig input til utviklinga av indikatorar og arbeidet med å gjere dei meir relevante for Vestlandet.
Vi vil vidare, ved hjelp av tilgjengelege data, utvikle eit sett med enkle indikatorar for klimatilpassing av bygningar og infrastruktur i kommunar. Vi vil ha søkelys på indikatorar som kan graderast og samanliknast på tvers av kommunar og over tid. Indikatorane skal òg skilje på aktørnivå og kor langt kommunane er komne i klimatilpassingsarbeidet. Vi skal teste indikatorane og utarbeide ein rettleiar i korleis ein brukar dei.
Vi ønskjer vidare å utvikle økonomiske indikatorar for klimatilpassing av bygningar og infrastruktur i kommunane. Dette inneber indikatorar for nytte- og kostnadsanalysar for investeringar der ein tek omsyn til forventa verknader av klimaendringar, og for budsjett-allokering til klimatilpassingstiltak. I tillegg ønskjer vi å utvikle indikatorar for klimatilpassing i drift, til dømes i form av vedlikehaldskostnader. Vi vil talfeste relevante indikatorar som ein del av prosjektet.