Frå to til eitt klimatilpassingsfylke: Kartlegging av erfaringar frå regionalt plan- og klimatilpassingsarbeid i nye Vestland
Vestlandsforsking og NORCE Samfunn gjer ei kartlegging av det samla erfaringsgrunnlaget på feltet klimatilpassing i det regionale plan- og utviklingsarbeidet i Sogn og Fjordane og Hordaland. Bakgrunnen er at dei to fylka blir slått saman til eitt fylke, Vestland, i 2020.
Prosjektet Frå to til eitt klimatilpassingsfylke: kartlegging av erfaringar frå regionalt plan- og klimatilpassingsarbeid i nye Vestland, har fire delmål:
dokumentere kva erfaringar kvart av fylka har skaffa seg på dette feltet
finne ut kva dei to fylka kan lære av kvarandre innan klimatilpassing
vurdere kva for utfordringar og kunnskapsbehov det nye fylket står overfor i det vidare arbeidet med tilpassning til klimaendringar
komme med forslag til korleis Vestland fylke kan møte dei nye utfordringane som følgjer av klimaendringane
Rapportane frå prosjektet er tilgjengelege på Vestlandsforsking sine nettsider