ClimTour
Verknader av klimaendringar på norsk, naturbasert reiseliv (ClimTour)
På verdsbasis er reiselivet er blant dei raskast veksande næringane. I Norge er næringa blitt ein viktig strategi for regional økonomisk utvikling. Samtidig trugar klimaendringane i aukande grad sjølve produksjonsgrunnlaget for det naturbaserte reiselivet. Skiturisme blir til dømes skadelidande når det manglar snø i skianlegga. Det naturbaserte reiselivet er heilt avhengig av økosystem- og klimatenester som snø, vakre landskap og eit livskraftig dyre- og planteliv. Reiselivet må òg ha ein velfungerande infrastruktur – men også vegar, hamner og telekommunikasjon blir påverka av klimaendringar.
Det finst førebels lite kunnskap om korleis norsk reiseliv samla sett vil bli påverka av klimaendringar. Det same gjeld reiselivet sin kapasitet til å tilpasse seg klimaendringar. ClimTour-prosjektet har som overordna mål å bringe fram ny kunnskap om vilkåra for berekraftig tilpassing til klimaendringar i det naturbaserte reiselivet i Norge. I tillegg kjem fire delmål:
Avdekke kva for klimaendringar som er kritiske for naturbasert reiseliv i Norge
Vurdere korleis klimaendringane kan råke utvalde økosystemtenester og fysisk infrastruktur som er kritisk for naturbasert reiseliv i Norge
Utvikle klimatilpasningsstrategiar for brukarpartnarane som deltek i prosjektet
Utvikle klimatenester for reiselivet
Prosjektet har fått ei varm mottaking i reiselivet, og mange har uttrykt at dette er noko dei ønskjer å vite meir om. I tråd med idealet om at dei ein forskar på bør delta i forskinga, er næringa òg representert i produksjonen av kunnskap. Grepet skal sikre at den nye kunnskapen blir relevant for reiselivet og at næringa kjenner eigarskap til funna i prosjektet. Forskarane håpar òg involveringa skal gjere det meir aktuelt for turistverksemder å setje i verk eigne tiltak for å tilpasse seg klimaendringane.
Prosjektet vil dra vekslar på faglege bidrag frå sentrale internasjonale forskarar innan reiseliv og klimaendringar. To konkrete produkt skal kome ut av prosjektet: ei reiselivsteneste integrert i klimaservicesenter.no og eit interaktivt klimaspel som skal stimulere til høgttenking om klimatilpassing i reiselivet.
Deltakarar i prosjektet
Reiselivsaktørar: Destinasjon Lofoten, Reisemål Hardangerfjorden, Visit Sognefjorden, Den Norske Turistforening (DNT), Flåm AS og NCE Tourism Fjord Norway
Norske forskingsmiljø i tillegg til Vestlandsforsking: Nordlandsforsking, Uni Research AS, MET Norge, Avdeling for biovitenskap ved Universitetet i Oslo og Miljøfaglig Utredning
Internasjonale deltakarar: Dr. Paul Peeters ved Senter for bærekraft, turisme og transport, Breda Universitet for Anvendt Vitenskap (CSTT); professor Daniel Scott ved University of Waterloo, Canada; professor Bruno Abegg ved Universitetet i Innsbruck, Austerrike og professor Michael C. Hall ved Institutt for ledelse, markedsføring og entreprenørskap, University of Canterbury, New Zealand
Les meir om prosjektet på Vestlandsforsking sine nettsider
Sjå filmen “Villvinter” av Johan Wildhagen
“Villvinter” formidlar nokre av forskingsfunna i prosjektet. Den korte filmen er laga av filmskapar og fotograf Johan Wildhagen for prosjektet, med klypp frå tre av case-destinasjonane i prosjektet: Flåm, Jotunheimen og Lofoten. Filmen formidlar ei melankolsk stemning knytt til tapet av is og snø.