Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

Noradapt-ENG-transparent-autocrop-2500w.png

Noradapt er eit nytt, nasjonalt senter for berekraftig klimatilpassing. Vestlandsforsking driv senteret, som består av åtte partnarinstitusjonar.

SAMFUNNSNYTTE

Noradapt spring ut av eit stort behov for å skaffe og samle brukarretta kunnskap om korleis samfunnet kan tilpasse seg dei forventa klimaendringane, på tvers av samfunnssektorar og fagfelt. Klimaendringane kjem til å råke alle delar av det norske samfunnet og vi treng ein brei og samordna innsats for å finne gode løysingar.

Levande laboratorium

Sogndal, der Noradapt sin vertsinstitusjon, Vestlandsforsking, held til, ligg midt den nye regionen Vestland. Både natur, landskap og vêrforhold gir eit unikt utgangspunkt for å studere endringane Norge vil møte i åra framover. Regionen omfattar alle naturtypane som finst i Norge og heile spennet av buområde frå storby, via mindre og mellomstore tettstader og reine industrisamfunn til spreiddbygde landbruksområde. Noradapt og Vestlandsforsking har med andre ord eit omland som fungerer som eit levande laboratorium i forskinga på korleis klimaendringane verkar inn på natur og samfunn og korleis vi kan tilpasse oss.

ambisjonar

Berekraftig klimatilpassing er eit eige forskingsfelt der vi har som mål å være det leiande forskingsmiljøet i Norge og eitt av dei leiande internasjonalt. Med skipinga av Noradapt ønskjer vi å vere front på desse områda:

  • Rettleiing: Tilby forskingsbaserte råd om klimatilpasning til offentlege institusjonar som har til oppgåve å rettleie andre (jf. www.klimatilpasning.no) og sjølv rettleie på område som ikkje er det offentlege sitt ansvar i dag.

  • Utgreiing: Utvikle brukartilpassa kunnskap om klimatilpassing i dialog med private og offentlege verksemder.

  • Næringsutvikling: Samarbeide med næringslivet om å utvikle nye produkt og tenester innan klimatilpassing, til dømes teknologi som kan redusere risikoen for naturskade.

  • Forskingsformidling: Vidareføre konferansen «#Klimaomstilling» som den årlege, nasjonale arenaen for presentasjon av ny, brukartilpassa klimakunnskap.

  • Undervisning: Tilby undervisning om klimatilpassing på høgskule- og universitetsnivå.

NAMNA VÅRE

Senteret har både eit kortnamn, Noradapt, og eit lengre namn: Norsk senter for berekraftig klimatilpassing.

Kortnamnet Noradapt er sett saman av orda “Norwegian” og “adaptation” (på norsk: tilpassing). Vi henta namnet frå eit tidlegare forskingsprosjekt om korleis klimaendringane kunne påverke næringsgrunnlaget i eit utval norske kommunar. Fordi eitt av måla våre med senteret er å vere blant dei leiande internasjonalt på fagfeltet vårt, er det viktig å bli kjent att og unngå tungekrøll.

I det lange namnet vårt, Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, er omgrepet “berekraftig” lagt til for å understreke at samfunnet bør satse på tilpassingstiltak som ikkje går ut over miljø og klima. Tilpassinga bør altså vere i tråd med målet om ei berekraftig utvikling.