Pop.vit. artikkel: "Turistguidar bruker smeltande isbrear til å snakke om klima"
Forskarar ved Vestlandsforsking har undersøkt korleis bre- og fjellførarar og andre i turistnæringa rundt Jostedalsbreen og Folgefonna snakkar med tilreisande om bresmeltinga.
– Alle guidane vi intervjua, sa at når dei kom til stader der breen hadde trekt seg tilbake eller store snøfonner hadde smelta vekk, brukte dei å gripe sjansen til å snakke om klimaendringar, fortel seniorforskar Halvor Dannevig, som har publisert ein vitskapleg artikkel om temaet. Denne er omtalt i