Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Europeisk klimatilpassings-konferanse i juni

Frå stranda i Rimini. Foto: Unsplash

Den europeiske konferansen for klimatilpassing finn stad i Rimini i Italia frå 16. til 18. juni 2025. Vil du halde ein sesjon på konferansen, må du sende inn søknad før 24. februar.

Arrangørane av ECCA har valt ut fem tema dei vil at sesjonane skal knyte seg til:

  1. Å leve med klima-ekstremar

  2. Å ruste byane våre for framtida

  3. Å ta vare på kyst og fjell

  4. Menneskelege og juridiske sider ved endring

  5. Tilpassing og finansinering: å redusere økonomisk og sosial sårbarheit i lokalsamfunna

Fristen for å sende innspel, er 24. februar. Du kan sende inn via denne sida.

Arrangøren av ECCA 2025 er MAGICA Project.