Tilleggsfôring endrar dei økonomiske vilkåra for reindrifta
Vintrane endrar seg og ulike typar beitekrise blir vanlegare. Dette gjer at reindrifta tvinges til å tilleggsfôre, men denne praksisen fører med seg ei rekke nye kostnader reindrifta ikkje er rigga for.
Klimaendringane fører til hyppigare behov for tilleggsfôring. Årene med beitekrise kommer stadig tettare og supplerast av andre stressfaktorar som rovdyrtrykk og utbygging i beiteområde. Tilleggsfôring har blitt ein årleg realitet for mange reindriftsutøvarar i Nordland, Troms og Finnmark.
– Utgiftene som følger med å fôre reinen, gjer kostnadsnivået i reindrifta bortimot uhaldbart, seier Majken Paulsen, seniorforskar ved Nordlandsforskning. Saman med kollegaene Grete Hovelsrud og Camilla Risvoll har ho skrive kapittelet «The Disappearing Free Reindeer - Unexpected Consequences of Climate Change for Fennoscandian Reindeer Herding» i boka Anthropology and Climate Change, som kom ut i år.
Her skriv dei om kva tilleggsfôring gjer med reindriftsnæringa. Og kva som gjer praksisen så kostbar.
Dyr frakt
Reinen har tander fordøyelse og toler ikkje utan vidare vanlig rundballfôr som storfe får.
– Reinfôr må derfor spesialproduserast og kostar mykje pengar, seier Paulsen.
Dyra held seg gjerne langt unna folk og vegar. Altså må fôret bli frakta inn i fjellheimen.
– Reindrivarane må skaffe seg kraftigare og dyrare skuterar og bruke meir drivstoff. Eigne sledar som kutter opp fôret må bli spesialprodusert. I nokre tilfelle må maten flygast med helikopter, fortel Paulsen.
Må tenke profitt
I situasjonar der beitekrise tvinger frem tilleggsfôring, får reindriftsutøvarane støtte frå staten, men ikkje nok til å dekke dei auka utgiftene.
– Når kostnadane aukar, må innteninga også gjere det. Reineigarane fortel oss at dei tar færre sjansar, dei har ikkje råd til å vente og sjå om reinen klarer seg, dei må tilleggsfôre allereie tidleg i sesongen, seier Paulsen.
– Det auka kostnadsnivået gjer at næringa må tenke profitt i større grad enn tidlegare, om det i det heile tatt skal være noko å leve av og gi vidare til neste generasjon.
Tilleggsfôringa krev ikkje berre pengar. Ho krev også tid og krefter.
Tidskrevande endringar
Å frakte fôr inn i fjellet tar tid, men det som verkeleg tar tid er sjølve fôringa.
– Mange reindrivarar må i periodar bu saman med flokken på fjellet. Det går utover familielivet, seier Paulsen.
Reindriftsnæringa består ofte av enkeltpersonsforetak, som i periodar av året får hjelp av slekt og venner i forbindelse med slakt, kalving og flytting.
– Fôring gjer i ytste konsekvens at reindriftsutøvarane treng hjelp på dagleg basis i månadsvis, seier Paulsen.
– Eit slikt arbeid er vanskeleg å gjennomføre på dugnad.
Usikker framtid
Det har lenge vore kjent at tilleggsfôring kan føre til uvelkomne endringar i reindrifta. Når reinen samlast på eit område for å ete, aukar sjansen for spreiing av sjukdommar. Frå Sverige og Finland, der fôring har vore vanleg i mange år, forteljast det om rein som endrar åtferd, som ikkje trekker som han skal, som legg seg ned og ventar på mat.
– Ingen i reindriftsnæringa ønsker å tilleggsfôre, det er ei naudløysing, men i fire av dei siste fem vintrane har det vore beitekrise i store delar av Nordland, Troms og Finnmark, seier Paulsen.
Etter 2017 har mange fleire begynt å fôre reinen. Dei strenge vintrane gjer at dei må fôre fleire år på rad. Konsekvensane er at næringa endrar seg. Både utstyr, arbeidsform og arbeidsmengde endrar seg, det gjer òg levesettet til menneske og dyr.
– Korleis det ser ut om fem eller ti år er det ingen som veit, seier Paulsen. – Men det kan sjå ut som om vintrane har endra seg. Ulike typar beitekrise blir vanlegare. Dette gjer at reindrifta tvinges til å tilleggsfôre.