La fram forslag for Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet
Onsdag 10. januar møtte Noradapt Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet i Oslo. - Eit godt og nyttig møte, seier senterleiar Carlo Aall.
Noradapt stilte med tre representantar for leiargruppa: Hanne Kvitsand (forskingsleiar innan infrastruktur ved Sintef) og Jan Ketil Rød (professor ved Institutt for geografi ved NTNU), i tillegg til senterleiar Carlo Aall (leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking). Dei hadde òg med seg Anne Karin Hamre (direktør ved Vestlandsforsking) som er leiar for Noradapt sin representantskap.
Fra Klima- og miljødepartementet deltok Anders Angaard, avdelingsdirektør for Transport og lokalmiljøseksjonen (som også har ansvar for klimatilpassing) og seniorrådgjevar Vibeke Ursin-Smith. Frå Miljødirektoratet deltok seksjonsleiar Steinulf Hoel og seksjonssjef Roar Skuterud (som også er medlem i Noradapt sitt brukarpanel) digitalt.
orientering og oppfølging av stortingsmeldinga
I departementet sine lokale fekk delegasjonen eit timelangt møte med representantar frå Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet. Føremålet var todelt: å orientere om arbeidet til Noradapt, og å kome med forslag om korleis Noradapt kan bidra i arbeidet med å følgje opp den nye stortingsmeldinga om klimatilpassing.
Senterleiar Carlo Aall viste til dømes korleis pågåande og nyleg avslutta Noradapt-prosjekt bidreg til å fylle område der stortingsmeldinga peikar på kunnskapsbehov. Han la fram to konkrete forslag til korleis Noradapt kan bidra til å auke kunnskapen om klimatilpassing i kommunane.
kompetanseprogram og pilot
Det første går ut på å opprette eit modulbasert kompetanseprogram. Noradapt kan i samråd med KS lage eit framlegg til opplegg med utgangspunkt i studietilbodet i masterprogrammet Climate Change Management ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Aall legg til at ei stipendordning vil stimulere til rask etablering av eit slikt tilbod.
Det andre forslaget er å etablere eit pilotprosjekt for regionale klimatilpassingsnettverk. Statsforvaltaren i Vestland tok våren 2023 initiativ til eit samarbeid med Vestland fylkeskommune, KS Vestland og Noradapt om ein “Vestlandspilot”.
- Gitt at piloten får ekstern finansiering, kan etableringa skje i løpet av våren 2024, seier Aall.