Kva er brukarpanelet til Noradapt?
Noradapt legg stor vekt på å auke brukarrelevant kunnskap om korleis samfunnet best kan tilpasse seg klimaendringar. - For å sikre god dialog og samhandling mellom senteret og særleg relevante brukarar, har vi oppretta eit brukarpanel, fortel Marta Karoline Jansen.
Inn i dette brukarpanelet har Noradapt invitert representantar for kommunar, fylkeskommunar, statsforvaltarar, relevante offentlege verksemder og eit par interesseorganisasjonar.
- Det er rom for at fleire melder seg inn, seier Marta, og oppmodar interesserte om å ta kontakt med ho.
Medlemmer av brukarpanelet
- Miljødirektoratet
- DSB
- Norsk klimaservicesenter
- NVE
- KS
- Statens vegvesen
- Kartverket
- Vestland fylkeskommune
- Rogaland fylkeskommune
- Statsforvaltaren i Troms og Finnmark
- Kommunar: Trondheim, Bergen, Oslo, Sunnfjord, Sogndal
- Vestland Bondelag
to møte i året
Brukarpanelet møtest to gonger i året til digitale møte. Medlemmane i panelet føreslår tema for møta. I tillegg orienterer brukarkontakten eller senterleiar Carlo Aall om kva som rører seg blant forskarane i Noradapt.
- I tillegg legg me opp til ein runde der dei som ønskjer det, kan orientere om aktuelle prosjekt, seier Marta.
viktig kjelde til nye prosjekt
Brukarkontakten legg vekt på at informasjonen senteret haustar frå desse møta er svært viktig for Noradapt, som heile tida jobbar for at forskings- og utviklingsarbeidet er nært knytt til behova ute i samfunnet.
- Frå desse møta hentar Noradapt idéar til nye fou-prosjekt, til nytte for kommunar og andre i samfunnet som etterspør ny kunnskap om klimatilpassing.
ny stortingsmelding tema på novembermøtet
Den nye stortingsmeldinga om klimatilpassing blir eit styringsdokument for klimatilpassing på alle nivå frå kommunar til stat, forsking og konsulentverksemder. Brukarpanelet sitt førre møte tok difor for seg innhaldet i Melding til Stortinget nr. 26 (2022-23) Klima i endring – saman for et klimarobust samfunn. Roar Skuterud i Miljødirektoratet forklarte hovudlinjene, medan andre i panelet kommenterte kva dei oppfatta som styrker og svakheiter ved stortingsmeldinga.