Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Kulturarv og klimatilpassing tema for Klimathon i Haugesund

Årets Klimathon skjer i Haugesund 16.-17. oktober.

Klimathon 2024 byr på to dagar med diskusjonar, idéutveksling, påfyll og nye kjennskap i skjeringspunktet mellom kulturarv og klimakrise.

Årets utgåve av Klimathon set søkjelys på korleis kulturarven kan vere med på å løyse klimaproblema norske kommunar opplever.

– Vi har visst lenge at vi må tilpasse kulturarven til klimaendringane, men ikkje snakka like mykje om at kulturarven vår spelar ei nøkkelrolle når samfunnet skal tilpasse seg eit endra klima, seier Carlo Aall ved Vestlandsforsking. Han er ein av fagpersonane som skal innleie på arrangementet i Haugesund 16.-17. oktober for å setje deltakarane i gang med tankeprosessar.

Det handlar mellom anna om korleis dei som driv med forsking og forvalting kan lære av, og støtte opp under, lokale kulturelle praksisar som reduserer naturfarar, hjelper naturen og i tillegg skapar trivselsfremjande sosiale arenaar.

Passar det for meg?

Deltakarane på Klimathon kjem frå mange ulike delar av samfunnet og frå heile landet.

– Dette passar for deg anten du er klimaforskar, grunneigar, høyrer til på kulturfeltet, jobbar i forvalting eller arbeider med klimatilpassing i praksis, seier Lene Omdahl i Vestland fylkeskommune.

I 2023 stod naturbaserte løysingar i sentrum for diskusjonane. Temaet i år ligg ein stad mellom klimatilpassing og den materielle og immaterielle kulturarven i Norge. «Materiell kulturarv» er til dømes gjenstandar og bygningar, medan ikkje-materielle kulturarven omfattar alt frå handverkstradisjonar eller seterdrift.

– Klimathon 2024 introduserer eit nyskapande omgrep i klimaarbeidet – kulturbaserte løysingar – som eit motsvar på naturbaserte løysingar, der kultur og samfunn står i sentrum, fortel Carlo Aall.

Ein del av løysinga?

Desse arrangerer Klimathon:

 

Vi takkar også for støtta frå:

·         Riksantikvaren

·         Noregs forskingsråd

To samankopla spørsmål dannar utgangspunkt for gruppearbeidet under arrangementet. Først tek gruppene for seg korleis vi kan tilpasse gamle bygningar til å tole eit våtare og mildare klima, til dømes ved å ruste opp tak og vegger på gamle trehus slik at dei kan stå imot nye år med meir slagregn.

Det andre spørsmålet handlar om kulturelle praksisar og kunnskapar, og stadane desse skaper. Kan dei vere del av klimatilpassinga?

Bør vi til dømes skrote standardløysingar for husbygging og hente fram erfaringsbasert kunnskap? Frå gamalt av blir det sagt at hus på Vestlandet må byggast med liggande panel slik at det nedste bordet kan skiftast ut viss det rotnar først, i staden for at heile kledninga må skiftast ut. Samtidig ønskjer mange seg ståande kledning, som kanskje gir eit meir moderne uttrykk.

Eit anna døme på nedarva praksis, er den tradisjonelle skjøtselen av lyngheilandskapet, som fungerer som eit vern mot brann. At grunneigarar og andre kjem saman for å gjere denne jobben, byggjer òg lokalt samhald. Også det er viktig i klimatilpassinga.

– På Klimathon 2024 vil vi diskutere viktige spørsmål om korleis kulturbaserte løysingar kan sjå ut, og kva for utfordringar dei kan løyse i arbeidet med klimatilpassing. Heile arrangementet er basert på kunnskapsdeling og problemløysing på tvers av fag og sektor, seier arrangør Mathew Stiller-Reeve i Village Green. 

Her er det førebelse programmet for Klimathon (pdf). Det blir stadig oppdatert når fleire detaljar kjem på plass.

Påmeldingsfrist: 14. september

 

Haugesund folkebibliotek

Om Klimathon – ny innsikt og nye løysingar

Klimathon 2024 er ein stad for dialog og konstruktivt samarbeid der det er mogleg å samarbeide med nye kollegaer og utvide kontaktnettverk på tvers av sektor og fag.

Det er eit hackathon-inspirert arrangement, der vi jobbar i tverrsektorielle grupper for å løyse utfordringar knytt til klimatilpassing i Noreg. Med grunnlag i spennande gruppeoppgåver arbeider vi fram nye løysingar og ny innsikt om komplekse tema. Resultata blir samla og formidla til deltakarar og andre interesserte i etterkant av arrangementet.