Kronikk: "Har vi glemt tørkesommeren 2018?"
I kronikken “Har vi glemt tørkesommeren 2018” publisert i Nationen 12. juni 2024, skriv forskarane Bror K. R. Tandberg og Carlo Aall ved Vestlandsforsking om funna i ei undersøking Norsk klimamonitor gjorde blant norske kommunar i 2024 for KS Kommunesektorens organisasjon.
Mange kommunar svarar at dei er mest bekymra for «vatn på avvege» i form av mer nedbør, styrtregn og flaum. Medan det i 2017 var 59 prosent av kommunane som svarte at de i stor eller veldig stor grad trudde kommunen vil bli påverka av meir nedbør og styrtregn, er det i dag mellom 72 og 74 prosent som svarar det same. Kronikkforfattarane peikar på at tørke òg vil vere ei utfordring i Noreg åra som kjem, og at det krev førebygging mellom anna i landbruket.
Undersøkinga er gjennomført av Noradapt i samarbeid med KS Kommunesektorens organisasjon. Eit representativt utval av norske kommunar svarte på undersøkinga.