Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Kronikk: "Etter Hans kjem Grete - er me skodde for det?"

I ein kronikk i Energi og klima 2. mai 2024 spør Torbjørn Selseng og Bror Kristian Tandberg om samfunnet vårt er rusta for framtidige ekstremvêrhendingar og viser til nye fylkesprofilar som gir eit bilete av kor langt ulike aktørar er komne i førebyggingsarbeidet sitt.

“Me har sett på kor bekymra tilsette i kommunar, fylkeskommunar og Statsforvaltaren er for klimapåverknad og kor mykje ulike grupper gjer for å tilpasse seg”, skriv forskarane.

Til dømes kan verktøyet fortelje deg om innbyggarane i ditt fylke ynskjer meir innsats frå myndigheitene for å beskytte seg mot klimaendringar. Du kan òg sjå kor landbruket gjer flest tilpassingar og kva for hindringar forvaltninga møter i arbeidet med klimatilpassing.

Les kronikken her

Fylkesprofilar for klimatilpassing