Kronikk: "Destinasjonen som smelter"
Kronikken “Destinasjonen som smelter” vart publisert i Nationen 12. juli 2023 og seinare i Svalbardposten og på Forskning.no. I tillegg viste ein kommentarartikkel i Bergens Tidende til teksten.
Kronikken byggjer på fleire forskingsprosjekt der Vestlandsforsking samarbeider med m.a. Nordlandsforsking og Universitetssenteret på Svalbard og ser på korleis reiselivet på øygruppa blir påverka av klimaendringane. Kronikken fortel om forsking på korleis næringa kan tilpasse seg noverande og framtidige klima- og naturendringar på ein berekraftig måte.