Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Sterkt bidrag frå Noradapt på nordisk tilpassingskonferanse

Noradapt bidreg med mange av innlegga under den nordiske konferansen om klimatilpassing i Reykjavik (NOCCA2023) 17.-19. april. Senteret har òg delteke i planlegginga gjennom programkomiteen for konferansen.

– Etter to års korona-pause er det viktig å kome i gong igjen med det som sidan 2010 har vore ein viktig arena for oppsummering av ny kunnskap om korleis dei nordiske landa kan tilpasse seg dei negative følgene av klimaendringar, sier leiar av Noradapt og medlem i programkomiteen for NOCCA, Carlo Aall. 

Klimatilpassing i byar og kommunar i dei nordiske landa står sentralt under NOCCA.

Måndag 17. april startar den sjette nordiske konferansen om klimatilpassing, denne gongen i Reykjavik, og programmet har eit stort innslag av forskarar med tilknyting til Noradapt: Vestlandsforsking, Sintef Community, Norce, og Høgskulen på Vestlandet står for til saman åtte innlegg. I tillegg kjem innlegg frå to av medlemmane i Noradapt sitt internasjonale vitskaplege råd: Sirkku Juhola og Richard Klein. 

Mål om politisk innverknad

Noradapt-bidrag på NOCCA2023

Sirkku Juhola: Nordic adaptation: What next?

Carlo Aall (Vestlandsforsking): Comparative analysis of the adaptation policy landscape in the Nordic region

Richard Klein: From Insight to Impact: A Retrospective of 13 Years of Nordic Conferences on Climate Change Adaptation

Carlo Aall (Vestlandsforsking): Transboundary impacts - Making the topic relevant for local governance

Hanne Kvitsand (Sintef Community): New method to select the most sustainable climate adaptation measures

Edvard Sivertsen (Sintef Community): Reducing the societal risks related to climate change – summarising eight years of research and innovation in Klima 2050

Marie Pontoppidan (Norce): Flexible methodologies for participation in climate change adaptation

Torbjørn Selseng (Vestlandsforsking): Closing the monitoring gap. How we attempt to finally figure out how society is adapting to climate change

Torunn G. Hønsi (Vestlandsforsking): Water management in a changed climate Marte Lange Vik (HVL): Master planning with adaptation integration for cities and municipalities

Konferansen NOCCA2023, som går frå 17. til 19. april, set særleg søkelys på klimatilpassing i byar og kommunar i dei nordiske landa, og legg vekt på iverksetjing av tiltak, kva som har fungert og viktige lærdommar i tilpassingsarbeidet. Konferansen har ein brei publikumsprofil, særleg den første av dei tre dagane, som også blir nettoverført.

Den andre dagen av konferansen er det lagt opp til arbeidsverkstader om tema som havnivåstigning, grenseoverskridande klimarisiko, naturbaserte tilpassingstiltak, og kommunal planlegging. Det som kjem ut av denne delen av konferansen skal samlast i eit dokument retta mot avgjerdstakarar.

Målet er at dokumentet skal få innverknad på vidare nordisk samarbeid om klimatilpassing og vere til nytte for dei komande klimatoppmøta.

Neste i Noreg?

Konferansen på Island er del av ein serie konferansar om klimatilpassing i Norden som blir arrangert annakvart år. Byane som har vore vertskap før Reykjavik, er Bergen, København, Helsinki, Stockholm og Norrköping.

– I 2025, kan det vere aktuelt å legge konferansen til Noreg og at Noradapt tar på seg ansvaret for organiseringa, seier senterleiar Carlo Aall.

Her kan du lese NOCCA2023 si oppsummering for avgjerdstakarar (policy brief).