Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Dette gjorde vi i 2022

Lurer du på kva forskarane i Noradapt gjorde i 2022? Ta ein kikk på årsmeldinga vår!


Noradapt si årsmelding for 2022 finn du her. Nedanfor kan du lese litt om aktiviteten gjennom året.

Året starta med at leiinga i Noradapt møtte statssekretær Oddmund Hoel i Kunnskapsdepartementet, og i mars kom statsråden for kunnskap og høgare utdanning, Ola Borten Moe, til Sogndal og Vestlandsforsking. På begge møta la senterleiinga fram status og vidare ambisjonar for Noradapt og signaliserte eit ønske om å auke den delen av senteret sin aktivitet som er finansiert av øyremerka løyvingar.

Målet er å styrke brukarinnretninga til senteret, mellom anna ved å utvikle eit kompetanseprogram for næringslivet i form av kurs i klimatilpassing, i første omgang for konsulentbransjen.

Ei erfaringsbasert masterutdanning står òg på ønskjelista. Målgruppa er personar som har arbeidd med klimatilpassing og vil ta ei vidareutdanning på deltid. Forskinga treng òg å styrkast, og eitt forslag er å etablere eit doktorgradsstipend. Vi har òg behov for å auke kapasiteten blant forskarane på feltet klimatilpassing, både når det gjeld å søke om nasjonale og internasjonale forskingsmidlar og å leie denne typen prosjekt.

Elles ønskjer Noradapt å utvide tenesta Norsk klimamonitor med systematiske studiar av næringslivet, slik vi har gjort for offentlege verksemder.

Noradapt-leiinga har presentert senteret i møte med fleire stortingsrepresentantar i 2022: Torbjørn Vereide og Siri Gåsemyr Staalesen (Ap), Abid Raja og Alfred Bjørlo (V) og Sofie Marhaug (Raudt).

Senteret var representert på Arendalsuka med eit arrangement om berekraftig klimatilpassing av det bygde miljøet.

For å medverke til den komande stortingsmeldinga om klimatilpassing, deltok senterleiinga på eit innspelsmøte i november og sende skriftlege innspel til klima- og miljødepartementet. Noradapt vart i 2022 invitert inn i KS sitt nyoppretta kommunenettverk om klimatilpassing.

Klimathon på Voss i november 2022 var den første utprøvinga av arbeidsforma i ein distriktssetting. Arrangementet hang lenge i ein tynn tråd på grunn av den dramatiske flaumen som råka Voss like før Klimathon. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb helste deltakarane velkomne med bilete frå hendingane få dagar tidlegare. Foto: Lene Omdahl

Vi bidrog sterkt til konferansen Klimaomstilling i Sogndal og til Klimathon på Voss. Senterleiar Carlo Aall deltok i komiteen som planla Nordic Conference of Climate Change Adaptation 2023 i Reykjavik.

Det faglege arbeidet har særleg retta seg inn mot sluttføring av spesialnummeret om berekraftig klimatilpassing i tidsskriftet «Weather, Climate, and Society» (WCAS) og å få i gang Transadapt, senteret sitt største internt finansierte prosjekt til no, som handlar om korleis vi kan forstå og handtere grenseoverskridande klimarisiko.