Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Arendalsuka: "Er klimatilpasning mulig uten å ofre naturen?"

Under Arendalsuka deltok Noradapt i fleire debattar, mellom anna ein i regi av Norce. No kan du sjå debatten i opptak.

Arrangementet “Er klimatilpasning mulig uten å ofre naturen” gjekk av stabelen 15. august i Amfi, Arendal bibliotek.

må det gå ut over naturen?

Klimaet blir varmare, våtare og villare. Styrtregn og flaum blir ein stadig større trussel mot bygder, byar og landbruksjord. For å avgrense konsekvensane må vi tilpasse oss. Samtidig treng verda meir fornybar energi, som norske elver tilbyr rikelege mengder av.

Både klimatilpassing og kraftproduksjon inneber naturinngrep. Vi formar omgjevnadene våre, slik at flaumar og styrtregn kan finne sin veg mot havet utan å rive med seg bygningar og infrastruktur, og vi demmer opp og kanaliserer vatn vekk frå sitt naturlige løp for å danne det om til kraft.

Betyr det at vi må ofre naturen for å tilpasse oss klimaendringane?

Naturen kan faktisk hjelpe oss. Klimatilpassing er ikkje nøydd til å gå ut over eit sårbart naturmangfald viss ein gjer det på riktig måte.

grunneigarar i lakseelv, forskarar og politikarar

Eiliv Erdal, grunneigar i Naustdalselva, representerer Norske Lakseelver og deltok medan forskarane Ulrich Pulg (Norce), Marie Pontoppidan (Norce) og Carlo Aall (Vestlandsforskning), viste korleis vi kan ta betre vare på naturressursane våre.

Saman med Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, møtte dei politikarane. Føremålet var å dele kunnskap og diskutere korleis klimatilpassing og omsyn til naturen kan gå hand i hand. Stig Arild Pettersen var moderator.


SJÅ DEBATTEN HER: