Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Noradapt-timen: Bresmelting, tilgang på ferskvatn og risiko for jøkulhlaup

Forskingsprosjektet Gotheca set søkelys på følgjene av aukande bresmelting. Kort sagt vil forskarane gjere det lettare å vite korleis vassføringa i områda rundt vil på ulike tidspunkt og om det kan oppstå bresjøar med risiko for jøkulhlaup.

Fjellkjeder blir gjerne kalla “verdas vasstårn”. I form av is og snø lagrar dei enorme mengder ferskvatn som forsyner miljø og menneske med vatn lengre nede i landskapet. På grunn av klimaendringane vil smeltinga i høgda auke på, med direkte følgjer for mellom anna energi- og reiselivsnæringa.

Frå feltarbeid ved Tystigbreen i Stryn. Foto: Yongmei Gong, NTNU

I folketette område i Sentral-Asia gjer hyppige svingingar i mengda smeltevatn at både tilgangen på ferskvatn og vassføringa i elvar varierer stort gjennom året. Dette har negativ innverknad på økosystemet, men òg på marknaden. Desse områda er også jamleg truga av flaum med opphav i auka smelting og såkalte jøkulhlaup (eller GLOF - Glacier Lake Outburst Floods).

Gotheca-prosjektet, der Nordadapt-partnarane NTNU og HVL deltek, utviklar eit skjema for risikovurdering som bidreg til å forutseie kor mykje ferskvatn område nær isbrear vil ha tilgang på til ulike tider, og om det er større fare for jøkulhlaup. Dette vil vere til stor nytte for lokale og regionale styresmakter i arbeidet med klimatilpassing. Les meir på prosjektet si heimeside eller på Noradapt sine prosjektsider.

Forskarane Yongmei Gong og Irina Rogozhina frå Institutt for geografi ved NTNU presenterer forskingsprosjektet i Noradapt-timen 29. juni 2022 kl. 11.

Lenke til webinaret: https://us02web.zoom.us/j/89178705957