Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Noradapt-timen: Kva ligg under Jostedalsbreen?

Kva slags landskap skjuler seg under Jostedalsbreen? Og korleis blir næringar og innbyggjarar i bygder rundt breen påverka når isen ein gong smeltar vekk? Dette er blant spørsmåla forskarar i Jostice fortel om i Noradapt-timen 28. februar.

Professor Jacob C. Yde ved Høgskulen på Vestlandet er leiar for Jostice-prosjektet, som studerer Europas største fastlandsbre.

– Jostedalsbreen og samfunnet rundt breen er i konstant endring. I augneblinken er denne breen i ein kritisk situasjon der klimaendringar mot eit varmare klima vil føre til at store delar av breen smeltar, seier professor Jacob C. Yde ved Høgskulen på Vestlandet. Han skal i denne utgåva av Noradapt-timen fortelje om Jostice, eit 4-årig forskingsprosjekt om fysiske og samfunnsmessige konsekvensar av klimaendringar på Jostedalsbreen.

Påverkar samfunnet

Det internasjonale prosjektet skal kartlegge dagens tilstand på breen. Funna deira vil gje eit godt utgangspunkt for å berekne korleis det går med Jostedalsbreen i åra og tiåra framover når det gjeld massebalanse, avrenning, isvolum og lokalklima. Saman med mellom anna Statkraft, Jostedalen Breførarlag og Sogn og Fjordane Bondelag vil forskarane vurdere samfunnsverknader av dei framtidige endringane på kraftproduksjon, reiseliv og landbruk. I denne delen av forskinga er Noradapt-partnar Vestlandsforsking sentrale.

Forskarar frå HVL gjer seg klare til feltarbeid ved Tungestølen i Luster. Foto: Eivind Brendehaug.

Kart over det som er under isen

Blant metodane Yde og teamet hans tek i bruk, er radarmålingar snø- og istjukkleik, dronemålingar og analysar av satellittbilete for å bestemme areal- og overflatehøgde.

Planen er å utvikle eit kart som for første gong framstiller landskapet som ligg skjult under Jostedalsbreen. Kartet skal brukast i isbre-modellar for å vise korleis iskanten, volumet, rørsler, og avrenning Jostedalsbreen vil endre seg under ulike klimascenario.

Ein stadig lengre transportetappe fram til blåisen er blant endringane som verkar inn på guideverksemda i Jostedalen. Breførarlaget har sett seg nøydde til å legge ned ein populær familietur på Nigardsbreen av denne grunnen. Foto: Tone Rusdal

Lokalklimaet blir annleis

Alle som bur nær ein isbre, veit at isen påverkar klimaet i omgjevnadene sine. Når bresmeltinga gir endringar i geometri og overflateeigenskap, vil det verke inn på det lokale klimaet i bygdene nær Jostedalsbreen. Jostice-forskarane vil bruke den nye kunnskapen til å modellere korleis lokale og regionale mønster for temperatur og nedbør kan bli påverka.

Les meir om Jostice-prosjektet

Webinaret er gratis og ope for alle. Denne utgåva av Noradapt-timen finn stad på Zoom 28. februar kl. 14:00

Lenke: https://us02web.zoom.us/j/84763493294