Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Noradapt på Geofaredagen i Trondheim

Naturfare var temaet på årets utgåve av Geofaredagen i Trondheim, og Jan Ketil Rød frå NTNU var invitert for å halde ei orientering om arbeidet til Noradapt.

Geofaredagen i Trondheim samlar fagfolk frå ulike fagmiljø, dei fleste med kompetanse innan geologi, geoteknikk og ingeniørfag. Seminaret fann stad 18.-19. oktober på Lerkendal og samla rundt 80 deltakarar frå NGU, NGI, NVE, Statens vegvesen og NTNU.

Presenterte Noradapt

Jan Ketil Rød, NTNU

Arrangementet omfatta ein første dag med presentasjonar ved ph.d.-stipendiatar og masterstudentar og ein andre dag med ekskursjon om flaum og skred for studentane og stipendiatane. Parallelt med ekskursjonen deltok dei etablerte fagfolka på eit FoU-seminar. Her heldt Jan Ketil Rød frå Institutt for geografi ved NTNU ein presentasjon som formidla kva Noradapt gjer og kven som deltek i sentersamarbeidet.

Behov for kartlegging

I tillegg svarde Rød på tre spørsmål som gjekk til alle innleiarane om status for naturfare og gjenståande behov: «Har vi den kunnskapen vi treng om naturfarer i Norge?», «Kva er det vi manglar?» og «Korleis skal vi få gjort det viktigaste med dette?».

Med referansar til to rapportar frå Riksrevisjonen, la Jan Ketil vekt på at det er viktig med meir kartlegging og auka kompetanse i bruk av digitale kart slik at kommunar, og andre, blir i betre stand til å vurdere kor dei mest eksponerte og sårbare områda ligg.

Sjå presentasjonen her

Arrangørane av Geofaredagen er Green 2050 – Senter for grønt skifte i bygget miljø, ein nettverksarena for tverrfagleg prosjektsamarbeid mellom universitet og næringsliv, og eit anna nettverkssamarbeid med tittelen Naturfareforum, som har som mål å peike på manglar i samfunnet si førebygging av naturfare og føreslå tiltak for å bøte på dei.