Noradapt-timen: Klimapolitikken er blind for naturøydeleggingane
– Klimareduksjonismen - at utsleppskutt trumfar alt anna - sagar over greina vi sit på. Å ta vare på intakt natur, er å sjå klima og miljø i samanheng, seier Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking. 27. mai set han og to forskarkollegaer frå Vestlandsforsking søkelys på faren for at biologisk mangfald og klimatilpassing blir gløymt fordi “alt” handlar om å kutte klimagassutslepp.
Er svaret vindkraft og motorvegar?
Eivind Brendehaug, Kyrre Groven og Torbjørn Selseng jobbar for tida med ei utgreiing for KS om dette temaet, som opptek mange tilsette i norske kommunar.
Noreg har gjennom Paris-avtalen forplikta seg til å kutte klimagassutsleppa med 50-55 prosent innan 2030, samanlikna med utsleppa i 1990. Regjeringa har òg sett som mål at vi er eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Planen for å nå målet tek ikkje opp korleis tiltaka verkar inn på berekraftsmåla.
– I arbeidet med å kutte klimagassutsleppa kan vi ende opp med både å auke utsleppa, svekkje evna vår til å takle klimaendringane og redusere biologisk mangfald, seier Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking. Han viser til at utbygging av vindkraftverk og motorvegar har bandlagt svært mykje myr og urørt natur. Denne realiteten, som både forskarar og media har sett søkelys på, svekkjer argumentet om at vi kan få ned utsleppa gjennom å satse på fornybar energi og betre vegar.
Tiltaka må ikkje motarbeide kvarandre
Det internasjonale naturpanelet (IPBES) har vist at menneskeleg aktivitet tærer så kraftig på artar, økosystem og ressursar at det går alvorleg ut over naturen si evne til å gi oss livsviktige bidrag i form av mat, vatn og eit leveleg miljø.
Det er med andre ord stort behov for å sjå klimagassutslepp, biologisk mangfald, klimatilpassing og energiomstilling i samanheng. Tiltaka for å nå berekraftmåla bør altså ikkje slå kvarandre ihel, dei bør dra i same retning.
Vanskeleg for kommunar å navigere
Vestlandsforsking er undervegs i arbeidet med eit oppdrag for KS om samsvar og konflikt i klimapolitikken. Oppdraget inneber studiar av forskingslitteratur og offentlege styringsdokument og intervju med tilsette i kommunar.
Forskarane sin analyse av dette materialet viser at klimagassutslepp og klimapolitikk – i form av tiltak for å få ned utsleppa – dominerer både i faglitteraturen, politikken og i kommunane. Det som dermed hamnar i skuggen, er kva desse tiltaka har å seie for biologisk mangfald og klimatilpassing.
Somme kommunar er merksame på kompleksiteten i utfordringane, og har erklært både klima- og miljøkrise. Dei møter fleire dilemma når det gjeld å kutte i klimagassutslepp, tilpasse samfunnet til klimaendringane og ta vare på biologisk mangfald, og saknar ein meir heilskapleg politikk for berekraft frå staten si side.
På webinaret 27. mai vil Vestlandsforsking legge fram funn frå analysane av forskingslitteraturen, nasjonale politiske styringsdokument og arbeidet for samspel i kommunane, og korleis staten og kommunane kan fremje eit positivt samspel. Du kan lese meir om prosjektet her.
opptak av webinaret finn du her: Noradapt-timen 4
Bannerfoto: Smøla vindpark. Foto: Statkraft