- Forskingsrådet etterlyser det Noradapt har
Ei fersk evaluering av forskingsprogrammet KLIMAFORSK peikar på at Noradapt har gjort gode og rette prioriteringar, meiner senterleiar Carlo Aall ved Vestlandforsking.
Noregs forskingsråd har fått gjennomført ei evaluering av sitt viktigaste forskingsprogram på klimaområdet, KLIMAFORSK. Forskingsprogrammet er også “heimen” til ei rekkje prosjekt der partnarane i Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) er med.
Evalueringa er svært god lesnad for nettopp Noradapt, meiner senterleiar Carlo Aall, som har studert konklusjonane til evalueringskomiteen. Den har seks medlemmer med tilknyting til nordiske institusjonar.
- Evalueringa etterspør i realiteten meir av det Noradapt gjer, seier Aall.
Kopling til berekraftig utvikling
Ei viktig påpeiking i evalueringa var at KLIMAFORSK manglar eit klart forskingsmål for berekraftig utvikling. Mot slutten av rapporten kjem utvalet med følgjande tilrådingar for KLIMAFORSK: meir vekt på:
koplinga mellom berekraftig utvikling og klimaforsking
samfunnsvitskapeleg klimaforsking
brukarinnretta klimaforsking
tverrfagleg klimaforsking
Aall bit seg særleg merke i at komiteen etterlyser ein høgare andel forsking som legg vekt på klimatilpassing og samspel mellom utsleppskutt og klimatilpassing.
- Heldig då at forskingsrådet har Noradapt, seier Aall.