Kronikk: Samarbeid om bedre værvarsler
I denne kronikken frå Nationen 18. april 2021, skriv fire forskarar frå NORCE og Noradapt om forskingsprosjekta Climate Futures og CONFER. Dette er breie samarbeid som går over fleire år, der forskarar og bønder samarbeider om betre sesongvarsling. Slike langsiktige vêrvarsel kan skåne landbruket for nokre av krisene som følgjer med klimaendringane.
Forfattarane av kronikken er Tarje I. Wanvik, Iselin Medhaug, Erik Kolstad og Silje Lund Sørland.
Dei to prosjekta som er omtalte i kronikken, utgjer til saman ei massiv satsing på langtidsvarsel og forbetra planleggingsverktøy for jordbruket både i Norge og i Aust-Afrika.
Les meir og sjå opptak av webinaret Noradapt-timen 20. april, der forskarane fortel meir om arbeidet