Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

29. april held vi vår sjette nasjonale klimakonferanse

Ein verbal og musikalsk appell frå klimaaktivist og artist Marte Wulff er blant det vi byr på under årets utgåve av #Klimaomstilling 29. april, der vi òg rettar blikket mot haustens stortingsval og det som kjem etter pandemien. 2021-konferansen er den sjette vi held saman med andre som jobbar med klima i Vestland.

Tekst: Idun A. Husabø, Vestlandsforsking og Noradapt. Bannerfoto: Jonny Akselsen, Creativision

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn frå Venstre held det første innlegget på konferansen. Temaet er korleis klimameldinga er blitt møtt og kva dei politiske konfliktane går ut på. Foto: Bjørn H. Stuedal

Ingen ringare enn klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn opnar årets utgåve av konferansen, som er den sjette i rekkja av nasjonale klimaomstillingskonferansar med utspring i Sogndal og ein regional partnarskap for klimaarbeid i Vestland fylke. I januar la Rotevatn fram klimameldinga, ein plan for utsleppa frå 2021 til 2030, og lova eit “historisk taktskifte i norsk klimapolitikk”. Korleis har mottakinga på den ambisiøse klimameldinga vore? Rotevatn tek for seg kva for innspel regjeringa har fått, både før og under Stortinget si handsaming, med vekt på avklaringar og konfliktar og kva spørsmål han trur blir dei viktigaste inn i den komande valkampen. Halfdan Wiik frå Besteforeldrenes klimaaksjon kommenterer klima- og miljøministeren sitt innlegg i etterkant.

Kva no – tilbake til vekst?

Pandemien har prega det aller meste det siste året, og når det no er snakk om gjenopning, står verda overfor dystre, store val som gjeld den felles framtida vår. Denne spenninga gjeld ikkje minst reising og våre fritids- og ferievanar, som forskingskoordinator Stefan Gössling ved Vestlandsforsking skal ta for seg. Han var blant dei første som publiserte vitskapleg om verknader av covid-19 på reiselivet. Kva trur Gössling vil skje når vi får høve til å reise att? Tidlegare direktør for kommunikasjon og næringspolitikk i NHO Reiseliv, Hilde Charlotte Solheim, kommenterer innlegget.

Marie Storli er leiar i Rethinking Economics Norge, og representerer eit alternativt syn på økonomifaget. Storli skal snakke om korleis vi kan bruke økonomiske verkemiddel i arbeidet med klimaomstilling. Foto: Jonas Driveklepp

Kritiske spørsmål til framleis vekst vil òg dukke opp i innlegget til Marie Storli frå Rethinking Economics Norway, ein medlemsorganisasjon som jobbar for større mangfald i økonomisk tenking. Storli skal snakke om korleis vi kan setje økonomien i arbeid for å kome vidare med klimaomstilling, og tek spesielt for seg korleis sirkulærøkonomi kan bidra. Finansbyråd i Oslo kommune, Einar Wilhelmsen (MDG) kommenterer innlegget i etterkant, m.a. med utgangspunkt i at han tidlegare har uttalt at Oslo kommune vurderer å følgje Amsterdam sitt eksempel om å leggje prinsippa for såkalla smultringsøkonomi til grunn for utviklinga av Oslo.

Unikt innblikk i klimamaster

Den faste ekskursjonen dagen før sjølve konferansen, er i år erstatta av ei digital posterutstilling 28. april. Her får du eit innblikk i eitt landets mest klimarelevante masterprogram, Climate Change Management ved Høgskulen på Vestlandet, der det fjerde kullet er på veg mot uteksaminering.

Marte Lange Vik, koordinator for klimamasteren ved HVL. Foto: Idun A. Husabø

Dei 21 andreårsstudentane som deltek på utstillinga, er undervegs i arbeidet med masteroppgåver. Kvar enkelt legg fram arbeidet sitt i form av ein poster. Desse kan du studere på ein eigen portal, der du òg er invitert til å gje innspel eller stille spørsmål til studenten. Du kan lese om studentane, bakgrunnen deira og oppgåvetittelen i ei oversikt på klimaomstilling.no. Vi kunngjer lenka til portalen 28. april.

– Studentane er ein internasjonal gjeng med ulik fagbakgrunn, og har med seg sine perspektiv og erfaringar i masteroppgåvene. Eg kan garantere at det er givande å sjå nærare på kva dei jobbar med, seier Marte Lange Vik ved HVL, som er koordinator for masterprogrammet.

Artist med oppfordring

Artist og låtskrivar Marte Wulff er dei siste åra blitt kjend som klima-aktivist og har engasjert seg i form av kronikkar som «Hvor er artistene i klimakampen? En oppfordring», publisert i VG i fjor. Wulff bidreg på konferansen, ikkje berre musikalsk, men med nok ei oppfordring om å ta klimaspørsmålet – eller «klimaforstyrrelsene» – på alvor.

Artist og låtskrivar Marte Wulff har teke steget inn i samfunnsdebatten gjennom klimaengasjerte kronikkar i norsk riksmedia. Ho leverer ein sterk appell og opptrer med si første “klimalåt” under #Klimaomstiling2021.

«Mer enn noensinne trenger vi en kultur for å ta opp problemene, se på mulighetene og inspirere hverandre til å skaffe oss kunnskap om situasjonen og ta «grønne» valg. Vi må orke å være irriterende og forstyrre det komfortable. Ikke for å spre skyld og skam, men for å være et eksempel til etterfølgelse», sa Wulff til NPS Music då ho slapp klimalåten «Verden er stor» i 2018. 

Klima i Stortingsvalet

Anders Bjartnes i Energi og klima er ein av kommentatorane som set lupa på stortingsvalet.

Nasjonal klimapolitikk og årets stortingsvalkamp er temaet i konferansen sin siste plenumsdel. Spørsmålet vi tek opp, er om Stortingsvalet hausten 2021 faktisk ligg an til å bli eit val der klima er eit viktig tema. Bakteppet talar kanskje imot det: Ei lengesitjande regjering blir utfordra av distrikta. Landet er på veg ut av pandemi og økonomisk krise. Kan vi forlange at valet i 2021 skal dreie seg om klima?

Tre politiske kommentatorar debatterer spørsmålet: Magnus Takvam frå NRK, Kjetil B. Alstadheim i Aftenposten og Anders Bjartnes i Energi og Klima. Ordstyrar er Ragnhild Freng Dal ved Vestlandsforsking.

NULLUTSLEPP OG TILPASSING

Andre halvdel av programmet byr òg på to parallellsesjonar av det litt smalare slaget, der kommunane sitt arbeid med nullutslepp er det eine temaet. Her deltek Miljødirektoratet, kommunane Sunnfjord og Bergen, Ducky og Statens vegvesen. I den andre sesjonen er temaet klimatilpassing. No er det ti år sidan NOU-en om dette temaet kom, så kvar står vi? Deltakarane kjem frå KS, Asplan Viak, Trondheim kommune og Noradapt.

Konferansen blir sendt frå Sogndal av eit team frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet. Vertar i studio er Ragnhild Berge Feidje frå Vestland fylkeskommune og Carlo Aall ved Vestlandsforsking, som òg er senterleiar i Noradapt.

Heile programmet og lenke til påmelding finn du på klimaomstilling.no