Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Klimatilpassing i Russland - webinar 19. mars

Lokal tilpassing til klimaendringane artar seg ikkje likt i Russland og Noreg. Men akkurat kva er det som er ulikt?

Seniorforskar Julia Olsen (til høgre) ved Nordlandsforsking og førsteamanuensis Marina Nenasheva, som jobbar ved Northern (Arctic) Federal University i Arkhangelsk, har studert klimatilpassing i den nordlege delen av Russland.

I den andre utgåva av webinarserien Noradapt-timen, legg dei fram funn frå forskinga si i Arkhangelsk-regionen.

Frå feltarbeid i Arkhangelsk-regionen.

Webinaret omfattar òg oppfatningar av og diskursar om klimaendringar i russisk forskningslitteratur. Gir det til dømes meining å bruke omgrep som “berekraftig klimatilpassing” i ein nord-russisk kontekst? Dei to innleggshaldarane deler òg erfaringar om forskningsdesign i eit anna land. Til slutt drøftar dei kor vidt arktiske studiar gir rom for studiar av lokalsamfunnsbasert forsking i Russland.


opptak av webinaret finn du her: noradapt-timen 2