Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Noradapt-timen: Nye, praktiske verktøy for rettleiing innan klimatilpassing

Tid:        Torsdag 25. november kl. 13.00-14.00

Stad:      Digitalt, på https://us02web.zoom.us/j/81365774784


Samfunnet treng betre verktøy for å handtere klimautfordringane vi står overfor, med meir nedbør og meir styrtregn, og for å sette kommunane i stand til å handtere ansvaret for klimatilpassing.

På tvers av fag og kommunar

Klimatilpassing av areal, bygningar og infrastruktur er fleirfagleg og involverer ofte mange ulike kommunale einingar. Difor er det viktig at kommunane på dette temaet utviklar ei arbeidsform der arbeidet skjer på tvers av kommunar og fagområda i kommunane.

Heilskapleg og konkret

Det er vidare viktig å ta eit heilskapleg perspektiv når ein skal førebygge skadeverknader av klimaendringane, setje i verk klimatilpassingstiltak og måle effektar av arbeidet. Samtidig er det nødvendig å vere konkret, slik at aktørane greier å gjere gode vurderingar og finne gode tiltak for klimatilpassing.

Sintef sine verktøy

Sintef Community, som er ein av partnarane i Noradapt, har gjennom fleire prosjekt og i samarbeid med andre aktørar, som Klima 2050, utvikla fleire enkle, praktiske anvisingar som skisserer aktuelle arbeidsformer for aktørar som jobbar med klimatilpassing. Dei har òg utarbeidd konkrete råd om kva kommunar og andre bør gjere.

I dette webinaret vil Sintef-forskarar presentere både arbeidsforma dei har nytta for å utvikle verktøya og litt om dei konkrete resultata. Forskarane legg størst vekt på anvisningane som tek for seg indikatorar for å vurdere klimatilpassingsarbeidet i kommunane og bekkeopning som klimatilpassingstiltak.

Frå Sintef Community deltek forskarane Eli Sandberg og Stian Bruaset, i tillegg til seniorforskar Edvard Sivertsen.


 

Program

13:00    Velkommen og innleiing – Edvard Sivertsen

13:15     Indikatorar for klimatilpassing – Eli Sandberg

13:30    Bekkeopning som klimatilpassingstiltak – Stian Bruaset

13:45    Diskusjon og avslutning

 

Velkommen!