Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Klimaendringane vil prege turistnæringa om få år

Eit nystarta, internasjonalt forskingsprosjekt tek for seg korleis reiselivet vil bli påverka av klimakrisa og korleis norske reisemål kan omstille seg i tide.

I reiselivet håpar mange at korona-året 2020 blir eit unntak vi snart kan legge bak oss. Men om ein ser på korleis klimaproblemet er venta å påverke reiselivet om berre eit par tiår, blir den vonde 2020-sesongen berre for ein forsmak å rekne, seier forskingskoordinator ved Vestlandsforsking, Stefan Gössling.

Den erfarne forskaren skal leie det nye, internasjonale prosjektet TourRisk, der Vestlandsforsking samarbeider med Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole, Handelshøyskolen BI, Nordlandsforsking, Statistisk sentralbyrå og tre utanlandske universitet i Nederland, Canada og Australia. I tillegg er fleire norske reiselivselskap med.

Carlo Aall, senterleiar i Noradapt og forskar ved Vestlandsforsking

– Føremålet er å kartlegge korleis reiselivet kan omstillast for å takle klimarisiko i åra som kjem, seier senterleiar i Noradapt, Carlo Aall, som òg er sentral i forskingsprosjektet.

Hendingar, endringar og politikk

Problema Aall meiner turistnæringa må planlegge for, kan delast inn i to kategoriar. Den fysiske klimarisikoen gjeld utslag av klimaendringane, og vil vise seg i både ferielanda og landa gjestene kjem frå, som at snøen etter kvart uteblir frå viktige skidestinasjonar i høgsesongen eller at sommarmånadene blir for varme i visse delar av Europa. For Vestlandet sin del, kan også auka skredfare på grunn av meir ekstremnedbør vere ei utfordring for reiselivet.

Den andre gruppa, kalla omstillingsrisiko, vert utløyst av politikken styresmaktene møter klimakrisa med. Til dømes er det naturleg å forvente at stadig strengare klimatiltak vel gjere det dyrare å reise med flyr – ei utvikling som vil kome på toppen av problema koronapandemien har skapt. 

Stefan Gössling er forskingskoordinator ved Vestlandsforsking og leiar for prosjektet TourRisk.

– Dessverre har eg inntrykk av at få av aktørane i reiselivet har tatt seg tid til å setje seg inn i kor store problem klimaendringane og ein stadig meir ambisiøs klimapolitikk vil by på om nokså kort tid, seier prosjektleiar Stefan Gössling, som difor ser på omstilling som høgst nødvendig.

Og finst det eigentleg ei betre tid å starte enn no?

Kan ikkje vende tilbake til det som var

Målet Norge har forplikta seg til er ned mot null utslepp innan 30 år. Dette er eit krevjande mål, og vil bli meir krevjande  jo lenger vi ventar med å ta utsleppskutta som verkeleg monnar, forklarer Gössling. 

– Visse former for turisme må truleg veljast vekk, altså dei som står for dei største utsleppa og der teknologiske løysingar ikkje kjem i tide, meiner prosjektleiaren.

Han ser koronakrisa som ein sjanse politikarane er nøydde til å gripe. 

– Dei bør bruke denne tida til å innføre ein karbonskatt. Vi kan ikkje gå tilbake til det som var, slår han fast, og viser til dei store krisepakkane flynæringa alt har fått frå statleg hald men som ikkje ser ut til å vere tilstrekkeleg.

Bør lære av opplevingsturismen

Forskinga heng saman med ClimTour, eit anna internasjonalt prosjekt med fokus på korleis akkurat naturbasert reiseliv blir påverka av klimaendringane.

Skjerjehamn i Vestland er blant reisemåla som har fått fleire kortreiste turistar som følgje av koronapandemien. (Foto: Vestlandsforsking)

– Forskinga vi har gjort på den denne delen av reiselivet blir som ei stikkprøve. I TourRisk løftar vi blikket til heile reiselivet, seier Carlo Aall.

Han viser til at delar av det nære, naturbaserte reiselivet som har klart å skifte om frå utanlandske til norske turistar synast å ha blitt styrka av pandemien.

– Den store fleksibiliteten ein finn innan opplevingsturisme, evna til å snu seg rundt når produktet eller turistgrunnlaget endrar seg, er noko som resten av reiselivsnæringa – og andre næringar, for den del – kan lære av.

Forskingsprosjektet har ei totalramme på 13 millionar kroner. Frå reiselivsnæringa deltek Stiftinga Geirangerfjorden, Nærøyfjorden verdsarvpark, Fjord Norge AS og Hurtigruten AS.