Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Klimathon: ein annleis måte å jobbe med klima på

– Ein heilt annan måte å vere på konferanse på, seier Ida-Beate Mølmesdal om å delta på Klimathon. Klimakoordinatoren i Vestland fylkeskommune har framleis kontakt med dei ho var på gruppe med.

Idun A. Husabø, Vestlandsforsking

Faglege møteplassar om klimaendringar går litt for ofte ut på å høyre på andre utan å bruke kunnskapen til noko konkret. Denne passiviteten var det forskingsmiljø i Bergen ville til livs då dei for to år sidan skapte konseptet Klimathon.

Arbeidsforma inneber å samlast for å jobbe med klimautfordringar, og kvar enkelt deltakar er med på å utforme innhaldet. Initiativtakarane henta inspirasjon frå IT-verdas «hackathon» – samlingar der målet er å løyse konkrete problem – men i klimaarbeidet her i Norge er tilnærminga ny.

Klimathon går over to dagar og er prega av idéutveksling og diskusjon i mindre grupper. Tankane og forslaga ein kjem fram til, deler ein med andre i form av posterutstillingar eller presentasjonar.

Gruppa der Ida-Beate Mølmesdal frå Vestland fylkeskommune deltok i 2019 held framleis kontakten om faglege problemstillingar. (Foto: Ida-Beate Mølmesdal)

På tvers av bakgrunn

For Ida-Beate Mølmesdal, klimakoordinator Vestland fylkeskommune, var ein av dei største gevinstane at ho hamna på gruppe med folk som hadde ein annan bakgrunn enn ho sjølv. Mølmesdal er utdanna geolog og jobba i oljesektoren før ho kom til fylkeskommunen.

Gruppa hennar tok for seg korleis ein kan jobbe forpliktande og langsiktig med klimatilpassing.

– Det er ein super måte å kunne sjå på problemstillingane med ulike "briller" på og saman komme fram til ei løysing som ivaretek fleire omsyn, seier Mølmesdal. Og sjølv om det er eitt og eit halvt år sidan Klimathon II, har gruppa hennar framleis kontakt.

Susanne Støyle Alsaker, som tidlegare var arealplanleggar i Luster kommune, hugsar òg Klimathon som sosialt og kjekt. Ho set pris på at gruppa var tverrfagleg og rakk å bli godt kjende.

– Dei frå andre fagfelt hadde litt andre utfordringar enn min kommune, samtidig som vi hadde felles utfordringar: vatn, og mykje vatn, seier Alsaker. Ho blei medviten om ulike arbeidsmetodar og prosessar knytt til overvatn.

– Og så var det spennande å sjå og høyre korleis forskaren tenkte versus kommunalt teknikk eller hydrologkonsulenten, avsluttar ho.

Korleis nærme seg klimarisiko?

I år handlar Klimathon2020 om klimarisiko og korleis ulike forståingar av omgrepet kan nyttast i klimatilpassingsarbeidet. Det kan til dømes tolkast som fare for at elveflaum fyller kjellarar ved ein tusenårsflaum, men òg at ein næringsaktør ikkje får tak i viktige innsatsfaktorar på grunn av ekstremvêr i ein annan del av verda – noko pandemien har gitt ein forsmak på.

Målet er å finne fram til ei felles forståing av kva klimarisiko er og korleis ein kan gjere det til ei sak politikarane i kommunen vurderer som aktuell. Gruppene kjem til å jobbe med korleis ein kan lukkast betre med å knyte klimarisiko til lokalt næringsliv, planlegging og utbygging. 

Slik kan ein kreativ prosess om klimatilpassing sjå ut. Frå gruppearbeid på Klimathon II i 2019. (Foto: Ida-Beate Mølmesdal)

Alt via skjerm

I år gjer pandemien at heile Klimathon blir digital. Programmet strekkjer seg over to dagar, frå 18. til 19. november, for å gje deltakarane god tid til å bli kjende og la tankar modnast.

Mathew Stiller-Reeve i arbeidsgruppa som har planlagt Klimathon, trur det skal gå greitt å arbeide via skjerm med mange små tilpassingar, som at gruppene er små – med seks deltakarar.

– Vi prøver å gjenskape tidlegare Klimathon på Zoom og kjem til å bruke breakout-rooms mykje i tillegg til andre verktøy. Eg har stor tru på at deltakarane er villige til å møte nye folk og samarbeide i eit digitalt lokale i år, seier Stiller-Reeve.

For å pirre sansar og sinn og gje ein pause frå skjermpraten, har arbeidsgruppa òg lagt opp til ein spennande tvist: Alle deltakarar skal samarbeide direkte med konferansen sin eigen kunstnar. Det ferdige kunstverket blir vist fram mot slutten av arrangementet.

Kven passar det for?

I Norge ligg hovudansvaret for klimatilpassing hos kommunane. Men alle avgjerdene dei tek, krev ideelt sett kunnskap og innsikt frå fleire sektorar, næringar, og fagområde.

På Klimathon I og II har folk frå det offentlege og forskingsorganisasjonar utgjort fleirtalet.

Konsulent Mathew Stiller-Reeve er sentral i planlegginga av Klimathon 2020.

– Men vi ønskjer alle velkomne som føler at dei har noko å bidra inn i avgjerdsprosessane for klimatilpassing og ikkje minst når det er snakk om klimarisiko, seier Stiller-Reeve.

Klimathon II er finansiert av Vestland fylkeskommune, Norce og Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing) og blir arrangert i samarbeid med Bjerknessenteret og Senter for klima og energiomstilling (CET) ved Universitetet i Bergen, i tillegg til firmaet Konsulent Stiller-Reeve.

Les flyeren om Klimathon 2020

Påmeldingsfrist: 1. oktober 2020

Les meir på https://bit.ly/klimathon2020