Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Vil trekke brukarane inn i større grad

Forskinga Noradapt utfører innan klimatilpassing skal etter intensjonen vere tett kopla til kunnskapsbehova i ulike samfunnssektorar. Dette er bakgrunnen for at Noradapt oppretta eit eige brukarpanel i det første driftsåret sitt, 2019. Følgjande organisasjonar er med i panelet: Miljødirektoratet, DSB, NVE, KS, Vestland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Bergen kommune, Oslo kommune, Sunnfjord kommune, Finans Norge og Vestland Bondelag.

Like prosjekt bør dra nytte av kvarandre

På møtet 28. oktober fekk deltakarane ei orientering om to nye forskingsprosjekt: Samspillprosjektet (Vestlandsforsking og Nordlandsforskning) og Klimamonitor (Vestlandsforsking, Cicero og If). Brukarpanelet kom med innspel om prosjekta og andre, tematisk like søknadsprosessar og prosjekt.

Mellom anna orienterte Per Vikse om at Bergen kommune er med i eit prosjekt om korleis ein kan ta vare på blågrøn infrastruktur i fortetting (BEGIN). Brukarpanelet oppmoda generelt om å utnytte slike synergiar.

Bør ha oversikt

Erling Kvernevik frå DSB kommenterte at mange forskingsinstitutt driv med svært like forskingsprosjekt, og spurde om ikkje Noradapt burde ta ei rolle som «hub» som har oversikt over all forsking som skjer innafor klimatilpassing i Norge – også den som skjer utafor  Noradapt.

– Vi tek denne ballen. Ein database eller ei komplett oversikt over det som skjer på klimatilpassingsfeltet er noko vi bør få til, seier Carlo Aall. Ei slik oversikt er tenkt å omfatte kven som har kunnskapen, kva form den finst i (artikkel/rapport/nettressurs) og hovudinnhald. Nye søknadsinitiativ innan tilpassing til klimaendringar er òg noko Noradapt kan tenke seg å ha oversikt over.

Kommunerelevans

Ein del av studiane Vestlandsforsking har utført dei siste åra har vore nokså nær praksisfeltet, altså til dømes kommuneplanleggarane sin kvardag. Eit av innspela som kom fram i møtet 28. oktober, var at den matnyttige kunnskapen ikkje må falle bort.

Ønsket om stadig påfyll av praksisnær, anvendbar kunnskap om klimatilpassing, vart sett fram av Linn Marie i Klimaetaten i Oslo kommune.

– Det er akkurat dette som viser at vi treng eit brukarpanel, understrekar brukarkontakt Tone Rusdal.

Internasjonale prosessar

Erling Kvernevik frå DSB la fram eit ønske om at Noradapt tek inn over seg at Norge har fått plass i FN sitt tryggingsråd, der klima og sikkerheit er eit aktuelt tema, og prøver å utvikle prosjekt også innafor det området.

– Norske styresmakter treng eit kunnskapsgrunnlag på klima- og tryggleiksområdet, og det kan gi mange nye høve til samarbeid, sa Kvernevik. Han meinte òg at den nye rapporten frå FNs klimapanel (IPCC) gjer at det trengst ny kunnskap for å omsetje konklusjonane til praksis, nedskaleringar og andre bruksområde.

Grenseoverskridande klimarisiko er eit viktig tema i EU, mellom anna i EU si satsing på Green New Deal, opplyste senterleiar Aall, som likevel understreka at det er vrient å gripe eit temaområde av internasjonal karakter frå ein lokal og regional ståstad. Tarje Wanvik frå CET orienterte òg om at han gjennom prosjektet Climate Futures har ansvar for ein studie av korleis grenseoverskridande risiko kan påverke oss i Norge på området landbruk.

Ei to vekers forseinking av haustinga i Spania vil til dømes kunne påverke prissetjinga i Norge, forklarte Wanvik.

Bør samordne forespørslar til kommunar

Frå fylkeskommunane og kommunane i møtet kom ei viktig oppmoding til forskarane om å unngå å overbelaste kommunane med spørsmål om å delta i diverse spørjeundersøkingar.

– Ikkje send for mange og for like spørjeundersøkingar. Vi risikerer undersøkings-fatigue, spøkte Elin Valand frå Rogaland fylkeskommune.

Carlo Aall er nøgd med at Noradapt får tydelege innspel frå andre organisasjonar gjennom brukarpanelet.

Om mogeleg, oppmoda ho om å prøve å gå saman når ein skal samle inn data, særleg Noradapt-partnarane som bør ha ei viss oversikt over kvarandre sine prosjekt.

Vil legge opp til meir kontakt

- Dette møtet har vist oss at det er viktig å la brukar-representantane komme meir til orde, heller enn at vi skal orientere dei om så mykje, seier Tone Rusdal, brukarkontakt i Noradapt. Ho ønskjer seg meir kontakt og fleire slike innspel frå verksemder i ulike delar av samfunnet.

Senterleiar Carlo Aall er einig:

- Eg ser no at brukarpanelet er ein underbrukt ressurs som Noradapt bør ha meir kontakt med enn vi har hatt til no.