Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Norsk senter for berekraftig klimatilpassing blir opna i Sogndal

Vestlandsforsking opnar i dag eit nytt nasjonalt kunnskapssenter om berekraftig klimatilpassing i Sogndal. Senteret skal bidra til at samfunnet kan tilpasse seg eit klima i endring.

Klimatilpassingssenteret vil ha Vestlandsforsking i Sogndal som vertsinstitusjon, og samtidig vere eit virtuelt senter med mange av landets fremste fagmiljø på klimatilpassingsområdet som partnarar.  «Vi held det første møtet i klimatilpasningssenteret i dag, etter ein positiv og kreativ dialog med aktuelle partnarar gjennom hausten. Intensjonsavtalar er snart på plass med alle partnarane, og vi jobbar no med senterstrategi, organisering og handlingsplan for det vidare arbeidet» fortel leiaren for senteret, Carlo Aall, entusiastisk.

Forskingspartnarar i senteret er CICERO Senter for klimaforskning, Høgskulen på Vestlandet, NTNU (Institutt for geografi), Universitetet i Bergen (Senter for klima- og energiomstilling), NORCE Klima, NORCE Samfunn, Sintef Byggforsk og Nordlandsforskning.

Senteret har fått ei oppstartløyving på 10 millionar kroner i statsbudsjettet for 2019, og er sikret 5 millionar kroner i årleg grunnfinansiering frå 2020. Forskingsleiar for miljøgruppa ved Vestlandsforsking, Halvor Dannevig, meiner løyvinga er viktig for vidare kunnskapsutvikling om klimatilpassing. «Vi har mykje kunnskap om konsekvensene av klimaendringene for natur og samfunn, men vi ligg langt etter når det gjeld kunnskap om korleis samfunnet kan og bør tilpasse seg», seier Dannevig.

Brukarkontakt i senteret,Torunn Hønsi, har vore travel med å organisere alt det praktiske til opninga av senteret dei siste vekene, samtidig som tre nye prosjekt har starta opp. «Vi har den siste veka komme i gang med dei første oppdraga til senteret, der vi skal gjere utgreiingar for Sogn regionråd, fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland og KS», fortel Hønsi. 

Direktør ved Vestlandsforsking, Merete Lunde, er svært glad for løyvinga til klimatilpassingssenteret, som vil styrke fagmiljøet i Sogndal og gi nye forskarstillingar ved instituttet. «Gjennom samarbeid med sterke fagmiljø nasjonalt og internasjonalt vil vi bidra til å heve kunnskapen om klimatilpassing, og styrke både privat og offentlig sektor si evne til å gjennomføre nødvendige tiltak» seier Lunde. Ho ser fram til å ønske dei rundt 60 inviterte gjestene velkommen.  

Senteret blir formelt opna av statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar (V). Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane KrF, Tore Storehaug, og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, vil deretter halde opningstalar.

Følg opninga live her!